BV-KOMMENTAR:
No kjem dei og tar oss…
Foto: Istock
Kva produksjon skal tas’ etter pelsdyrnæringa?
Svin, ropar somme. Berre vent! Fjørfe, tastar andre. Jau, sjå, no skjer det!
Slike spekulasjonar og påstandar dukkar stadig oftare opp i landbruksdebatten, særleg i sosiale media. Grobotn for dei er skapt mellom anna av forbod mot burhøns. Hardkøyr mot pelsdyrnæringa. Påtrykk frå pressgrupper og styresmakter. Ufine Mattilsynet-inspeksjonar. Vegan-hypen. Og radikale politiske utspel, ala Unge Venstre sitt om å skrota støtta til produksjon av raudt kjøt til fordel for utvikling av kunstig kjøt. Eller Grøn Ungdom sitt, nyleg, om å avvikle konvensjonell kyllingproduksjon. For å nemne nokre teikn i tida.
Dersom pelsdyrnæringa no får nådestøyten – ja, kven blir neste? Ei næring må det jo bli? Denne oppfatninga av at omverda er ute etter bøndene, er påtakeleg. Og kjensla er forståeleg. At eit miniparti under sperregrensa kan trumfe gjennom eit næringsforbod, syner ei lumsk side av demokratiet. Men denne haldninga er også problematisk. Først fordi den byggjer opp om ei forbitra offerrolle, som hjå alt for mange bønder skuggar for byrgskapen dei skulle kjenne, matprodusentar og naturforvaltarar som dei er. For det andre fordi det er ei negativ og passiviserande haldning som manar til resignasjon, heller enn handlekraft og kamp.
Visst, kanskje er det rett å måla fanden på veggen. Somme aktivistgrupper er verkeleg ute etter å stoppa kjøtproduksjonen, frigjera alle dyr og lata sauen halda på ulla. Plantebaserte burgererstatningar finst i alle butikkar etter kvart, og globalt blir det investert millionar i «clean meat», framstilt i laboratorium med stamcellene til lys levande oksar.
Summen av alt det nye utfordrar no landbruket, anten me likar det eller ikkje. Krafta i samrøret mellom klimakrisa, helsetrendar, ny kunnskap om dyrevelferd og urbane pressgrupper vil nok føra til store endringar i næringa. Landbruket må møta det som kjem, men heller enn å spekulera i frykt over kven som skal takast i neste omgang, bør spørsmålet vera: korleis møte den nye tida? Det kan godt vera at måten me driv jorda og husdyra på vil vera ein annan om 20 år. Kanskje kan det koma noko godt ut av dei endringane me no ser konturane av – for bonden, dyra, naturen og botnlinja?
Ja visst gör det ont när knoppar brister. Varför skulle annars våren tveka?, heiter det i den svenske diktaren Karin Boyes dikt om ungdom og overgangstider. Og ja, forandring er ofte skummelt, instinktet tilseier at det tryggaste er å stritta imot, halda på det som er.
Og like fullt – gitt risikoen for å bli akterutsigla, bør dei som fryktar for landbruket si framtid skrota offermentaliteten, retta ryggen og heller stilla spørsmålet, høgt og tydeleg: Kva gjer me no? Korleis framføra den lange lista av sterke argument for alt som er godt og riktig og viktig med norsk jordbruk og husdyrhald? Korleis forklara omverda kva økonomiske og biologiske rammer som må til for at bøndene skal leggja om og møte framtida, slik forbrukarane vil ha det og klimaet krev?
Verdikjeda for mat, den største fastlandsnæringa i landet med 90 000 tilsette og 150 milliardar i omsetting, bør ikkje lengre skjelve for marginale pressgrupper og politiske partimyggar. Det høver seg ikkje ei tradisjonsrik og stolt næring.
I tillegg er det ein sjanselaus rekrutteringsstrategi, dersom målet er å møta alle vårane som kjem i full bløming.
Bothild Å. Nordsletten