HØYR!
Metan-krava står fast
Foto: Norges Bondelag
Nå kjennest det godt å alt ha ein avtale på plass.
Norge har blitt del av ein internasjonal avtale om reduksjon av verdas metangassutslepp med tretti prosent. Avtalen har skapt uvisse blant norske bønder om kva klimatiltak som gjeld.
Sjur Håland
– Det er det ingen grunn til, seier første nestleiar i Norges Bondelag, Egil Christopher Hoen, til Bondevennen.
Norge slutta seg nyleg til ein internasjonal avtale saman med over 100 andre land, med EU og USA i spissen. Nasjonane, som har blitt ein del av erklæringa Global Methane Pledge, står for kring halvparten av verdas metangassutslepp. Reduksjonen på tretti prosent skal skje innan 2030.
Heile 70 prosent av dei norske metangassutsleppa kjem frå landbruket, noko som utgjorde 2,57 millionar tonn CO2 ekvivalentar i 2020. Ikkje så rart då kanskje, at bøndene fryktar å bli pålagde nye, kostnadskrevjande tiltak for at Norge skal greia sin del av dei nye forpliktingane.
– Landbruket har alt plikta seg til å kutta utslepp gjennom klimaavtalen med regjeringa i 2019. Den nye regjeringa har stadfesta at klimaavtalen med landbruket står ved lag, seier Hoen.
NTB refererer til statsminister Jonas Gahr Støre, som held fram at ambisjonane om 30 prosent kutt gjeld for landa som har slutta seg til samla sett. Norge alt har redusert metangassutsleppa betydeleg sidan 1990. Difor blir det ikkje sett i verk noko nytt nasjonalt metanmål i denne omgangen.
I landbruket sin klimaplan ligg forpliktingar på reduksjon av metan fast. Samla skal landbruket bidra til ein reduksjon av fem millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021-2030.
– Det betyr vel at bøndene har ein jobb å gjera framover?
– Ja, det er rett, og dei forpliktingane har vi teke på oss gjennom klimaavtalen. Arbeidet med å oppfylla krava, også når det gjeld metangassutsleppa, er vi i gang med.
– Kan det likevel henda landbruket må gjera ein ekstrainnsats – dei er trass alt den største syndaren her?
– I så tilfelle kan ikkje det skje før etter 2030. Nå kjennest det godt å alt ha ein avtale på plass. Vi veit kva mål vi skal arbeida mot framover.
Hoen nemnar klimakalkulator, biogass og rett gjødsling som døme på tiltak som vil bidra til reduksjon av metangassutsleppa. Norske bønder treng ikkje gå rundt med høg puls og venta på å bli pålagde nye klimatiltak rundt neste hjørne, understrekar han.
– Gå heller inn og sjekk Landbrukets klimaplan. Der står det korleis vi skal redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon fram mot 2030, seier han.