HØYR!

Går for kombiløysing med fagbrev

1. september 2023

«Å slå beina under vinterlandbruksskulane har aldri vore eit alternativ for meg.»

– Ei gladsak for alle som er opptekne av landbruksutdanning, seier leiaren i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.

Sjur Håland

Utdanningsdirektoratet føreslår i eit høyringsutkast tre ulike opplæringsmodellar for framtidas landbruksutdanning: Dagens utdanningsmodell, basert på vg3, 2+2 modellen, altså to år i skule og to år i lære, eller ein kombinasjonsmodell av desse to.
Hustoft har lenge flagga at han har sansen for 2+2-løpet. Det same har Bondelaget hevda i tidlegare uttalar. Med andre ord; fagbrev etter to år i skule og to år i lære.

– Men malurta i dette begeret har alltid vore at dersom det blir 2+2, fell agronomutdanninga gjennom vg3 ut. Dermed vil også læreplanen til vaksenopplæring gjennom vinterlandbruksskulane falla vekk. Å slå beina under vinterlandbruksskulane har aldri vore eit alternativ for meg, seier Hustoft.

– Men nå tolkar eg at Utdanningsdirektoratet har teke signalet om at landbruket treng utdanningstilbod både på vidaregåande nivå samstundes med at det også er eit tilbod innan vaksenopplæring.

Hustoft seier han inderleg håpar alternativet med to parallelle opplæringsmodellar blir vedteke. Nå håpar han på mange innspel på høyringa.

– Bondelaget kjem sjølvsagt til å svara, og det håpar eg at mange andre, både privatpersonar og organisasjonar vil gjera. Landbruket må nå verkeleg koma på banen og seia kva me meiner.

Opplæringsmodellar handlar om korleis ein får fram dei dyktigaste bøndene. Hustoft meiner avstanden til det praktiske landbruket er for stor for dei unge med dagens vg3-løp. Med 2+2-modellen skal elevane ut på gardane. Men også det kan verta utfordrande.

– Me snakkar om enkeltføretak, ikkje slik det er i andre bransjar der lærlingen skal inn som ein del av eit større mannskap. Det er ikkje optimalt for landbruket å ta inn lærlingar på enkeltføretak, men det trur eg me skal finna gode løysingar på.

Bondelagsleiaren ser fram til eit utdanningsopplegg som er meir vekta på bedriftsleiarrolla.

– For å greia det, må eleven koma tettare på fjøsgolvet enn kva som er mogleg når ho eller han sit på skulebenken.

– I fjøskontora i framtida vil det henga eit fagbrev i glas og rame?

– Ja, det trur og håpar eg. Det har vore mykje snakk om at landbruket er kapitalintensivt. Me må også få betre fram at landbruket også er kompetanseintensivt. Rogaland Bondelag skal behandla høyringa sist i september.

Høyringsfristen er 13. oktober.

Stikkord denne saka: ,