HØYR!

Etterlyser fleire hender i 4H

14. oktober 2022

Har du vore med som frivillig, veit du kor viktig det er å bidra til fellesskapet.

– 4H i Rogaland køyrer på for fullt, men treng fleire frivillige klubbrådgivarar for å unngå å bli sårbare, seier organisasjonsrådgivar i Rogaland 4H, Anne-Berit Ånestad Brovold.​

Sjur Håland

Ånestad Brovold meiner at fleire vaksne og eldre ungdommar inn i dei lokale klubbane vil gi eit breiare fundament for å utvida og tilpassa aktivitetstilbodet i 4H-klubbane ut frå behova.

– Har du vore med som frivillig, veit du kor viktig det er å bidra til fellesskapet. Kan du tenkja deg å ta ein ny runde som klubbrådgivar i din lokale 4H-klubb, er det berre å søkja opp nettsida til 4H Rogaland og ta kontakt, seier ho.

Inkludering er eit nøkkelord for 4H.

– Me er opptekne av at alle, både medlemmar og klubbrådgivarar, er gode nok som dei er, uavhengig av bakgrunn og eventuelle funksjonsnedsettingar.

Nett nå går dei tradisjonsrike haustfestane til dei lokale 4H-klubbane rundt om i landet av stabelen, med prosjektvurderingar, premiedryss og gjerne ordførarbesøk. Det er ikkje berre dei lokale ordførarane som set pris på 4H. I forslaget til statsbudsjett får barne- og ungdomsorganisasjonen 7,1 millionar kroner i støtte, det same som dei to føregåande åra.

– Vel anvendte pengar, forsikrar Ånestad Brovold.

Organisasjonen, som kan sporast tilbake til 1920-talet her til lands, har vakse seg stor gjennom åra. I dag er det på landsbasis kring 11.000 medlemmar fordelt på meir enn 500 klubbar. Rogaland har drygt ti prosent av medlemsmassen, med 1280 medlemmar.

– Me har greidd å oppretthalde medlemstalet også gjennom koronatida. Nå manglar me tretti medlemmar for å toppa medlemstalet i fjor, seier ho.

4H er eit alternativ også til barn og unge som kanskje ikkje finn seg til rette i idretten eller andre ting. Å læra ved å gjera gir erfaringar og kunnskap som dei unge tek med vidare inn i for eksempel landbruksorganisasjonane og yrkeslivet.

– Dei unge lærer styrearbeid, å ta ansvar og å bidra i eit fellesskap. Dei lærer om dugnad, organisering og demokrati. 4H medlemmar får meir enn dobbelt att av det dei gir. Klart dette er enormt viktige erfaringar å ta med seg vidare, seier ho.

Situasjonen nett no er at 4H-klubbane i Rogaland kunne hatt fleire frivillige. Mange trugne klubbrådgivarar har vore med i svært mange år.

– Det er ikkje å stikka under ein stol at nokon blir utbrende etter å ha strekt strikken langt gjennom åra, dette gjeld nok ikkje berre 4H. Eg trur mange kan kjenna seg att her.