HØYR!
– Dyrevelferd er ei vinnarsak
Me må nok innsjå at ein reduksjon i produksjonen vil koma.
– Skal grisenæringa overleva, må dyrevelferda vere god, seier nestleiaren i Norsvin Sør-vest.
Jane Brit Sande
Etter 342 tilsyn i Mattilsynets nasjonale tilsynskampanje om velferd for svin, er det førebelse resultatet per tredje tertial: I 47 prosent av besetningane er det ikkje funne nokon brot på regelverket. I 53 prosent av besetningane er det funne éit eller fleire brot på regelverket. I 24 prosent av besetningane er det funne brot på regelverket knytt til behandling av sjuke og skadde dyr. Få funn er så alvorlege at det har vore naudsynt å bruke dei mest inngripande verkemidla, i følgje Mattilsynet.
– Næringa har vore på etterskot i dyrevelferdsarbeidet, seier Magnar Fjellheim, nestleiar i Norsvin Sør-vest og produsent med avlsbesetning i Skjold i Rogaland.
Han har ei klar oppmoding:
– Dyrevelferda er ei vinnarsak for næringa. Skal grisenæringa overleva, må dyrevelferda vere god – og det er den mange stader – hjå alle.
Fjellheim seier at næringa er inne i ei tøff tid.
– Stemninga var begynt å koma seg opp no i haust, etter at me fekk eit etterlengta prisløft og auka sal i marknaden. Men så begynte kostnadsauken, seier han.
Spesielt auken i straumprisane og på kraftfôr råkar svinebøndene.
– Mange nyttar langt meir enn dei 20 000 kilowattimane som inngår i straumavtalen, påpeiker Fjellheim.
Det er vanskeleg å motivera svineprodusentane, seier nestleiaren. Han er redd for at mange kjem til å gi seg dei kommande åra.
– Svineprodusentane er flinke til å omstilla seg, men er heilt avhengige av lønsemd for å halde fram i det heile. Me må nok innsjå at ein reduksjon i produksjonen vil koma, seier han.
Fjellheim og kona har sjølve gjort ein del endringar i drifta for å betra dyrevelferda i fjøset.
– Eg kjenner på eit ansvar for næringa, seier han.
Blant anna har dei redusert produksjonen på garden. Omstillinga frå praksisen med såkalla eingongspurker er snart i mål. Dei har tidlegare levert opp til 6000 smågris i året. No leverer dei kring 4450. Dei har redusert lønskostnadane på garden, og produserer eigen energi og varme med solcellepanel og flisfyringsanlegg.
– Me har også auka innsatsfaktorane, og brukar blant anna dobbelt så mykje grovfôr. Utfordringa er at eg må bruka meir tid på gjødselhandsaming, på grunn av meir strø, halm og silo hjå grisene, seier han.
Dyra responderer godt på endringane i fjøset.
– Dei har meir plass, strø og menneskekontakt etter at me reduserte produksjonen. Sjukdom og behandlingsbehov hjå dyra har gått drastisk ned, seier Fjellheim.