HØYR!

– Dette smakar surt

24. januar 2020

Dei som eig Fjordkjøkken, skal halda seg vekke frå å utvikla og produsera kjøterstatningar.

Egil Svela er kritisk til at bøndene sine verksemder, som Tine, brukar tid og pengar på å utvikle kjøtfrie kjøtprodukt. – Me bønder må ikkje saga over greina me sit på, seier han.

Sjur Håland

Eit oppslag i Nationen om at prosjektet «Norsk Vegetar for framtida» har fått åtte millionar kroner til å utvikla eit heilnorsk vegetarprodukt som kan erstatte kjøt, fekk Bjerkreim-bonden til å reagera. Pengane kjem frå Forskingsmidlane til jordbruk og matindustri. Då Svela gjennom artikkelen las at selskap, som samvirkeeigde Fjordland og Fjordkjøkken, går inn med pengar i tillegg, vart han ikkje mindre opprørt.

– Å bruka ressursar på å framstilla norsk kjøt utan kjøt, blir heilt feil. Fjordland og andre selskap lever av det norske landbruket. Det omtalte prosjektet har ikkje noko med norsk landbruk å gjera, slik eg ser det.

Svela, som har vore engasjert tillitsvald i landbruket sine organisasjonar i ei årrekkje, erkjenner at det kan vera eit potensial for sal av vegetarprodukt.

– Men dei er ikkje så mange, trass alt. Om me plukkar ut veganarane, utgjer denne gruppa éin prosent av befolkninga. Eg held føre at landbruket ikkje skal prioritera desse.

Svela er særleg skuffa over Fjordland/Fjordkjøkken.

– Dei er samvirkeeigde og er med dette med på å undergrava det norske landbruket, seier han.

– Men grøntnæringa er også ein del av landbruksfamilien?

– Absolutt. Men her må me sjå på dei delane av landbruket som driv med kjøtproduksjon. I ytste konsekvens kan den norske kjøtproduksjonen bli sett i spel, meiner Svela.

Bondeveteranen synar til at det er mogleg å driva god ressursutnytting gjennom kjøtproduksjonen i heile landet.

– Du kan ikkje dyrka grønsaker i stor stil over alt, men du kan drive med husdyr, bruke naturen og oppretthalda kulturlandskapet. Kjøt- og mjølkeproduksjon er fundamentet for det norske landbruket. Me må bli flinkare til å synleggjera kor avhengig me er av husdyr i det norske landskapet, slår han fast.

– Er det ikkje rett at landbruket hiv seg over nye mattrendar. Mat er vel mat uansett?

– Dei som eig Fjordkjøkken, skal halda seg vekke frå å utvikla og produsera kjøterstatningar. Dette smakar surt etter mitt begrep.

– Er du ikkje litt bakpå når du hevdar at det norske landbruket skal vera slik det alltid har vore?

– Eg er ikkje bakpå. Kjøt er kjøt. Blir det laga ei erstatning, står kjøtproduksjonen i fare for å bli eliminert. Alternativt kjøt er mat for dei som vil norsk husdyrproduksjon til livs. Det opplegget vil ikkje eg vera ein del av.