HØYR!

– Brennheit marknad

8. oktober 2021

Foto: Privat

I år er vedprisane attraktive, samanlikna med straumprisane.

Mange vedprodusentar ser allereie ende på vedlageret. Høge straumprisar gjer at folk sikrar seg dei dyrebare kubbane for å halde stovene varme i vinter.

Jane Brit Sande

– Det er ein brennheit marknad, seier Øyvind Stranna Larsen, fagansvarleg i Norsk ved – Forum for vedprodusenter.

Mange bønder har vedsal som ei attåtnæring på garden. Stranna Larsen har følgande råd til dei som vil starta opp:

– Sonder marknaden. Får du seld veden i nærområdet ditt? Transport av ved er kostbart, og bør derfor avgrensast. Kartlegg råstofftilgangen, den må vere god. Skal du hogge råvirket sjølv, eller kjøpe av ein skogeigar? Bestemmer du deg for å satsa, må du investera i naudsynt teknisk utstyr, og også kompetanse, seier han.

Vinteren i fjor var kald, lenge. Det har folk openbart ikkje gløymt.

– Mange vedprodusentar har allereie seld ut årets ved. Dei som har moglegheit for kunstig tørking, produserer for full maskin, seier Stranna Larsen.

Næringsforeininga Treindustrien er også oppmoda til å bidra.

– Deira medlemsverksemder, som til dømes sagbruka, har store og avanserte tørkeanlegg. Me har oppmoda dei til å stille seg positive til å bidra med vedtørke, dersom dei blir kontakta om det. Det har vore snakk om rasjonering på straum utover vinteren, og derfor er det viktig med nok ved i marknaden, seier Stranna Larsen.

Vedforbruket er nemleg høgt i Norge. Det er gjort målingar sidan 1995.

– Forbruket tilsvara fem-seks milliardar kilowattimar, eller fem-seks terawattimar, i energi årleg, seier han.

I eit normalår produserer Alta Kraftverk til samanlikning 0,655 terawattimar.

– Dei siste åra har altså vedforbruket vore åtte til ni gonger så høgt som dette kraftverket sin årlege produksjon, seier Stranna Larsen.

I følgje Norsk Ved har Statnett og NVE uttalt at utan vedfyringa hadde det vore problematisk å framskaffa tilsvarande energimengd via straumnettet.

Forbruket varierer sjølvsagt med temperaturane. I rekordåret 2010 tilsvarte vedforbruket 8,13 terawattimar. Det var også ei god auke i vedforbruk frå 2019 til 2020.

– Auken var på ved tilsvarande 470 millionar kilowattimar. Rekna om i 60-liters sekker med bjørkeved, er det om lag fem millionar sekker, seier Stranna Larsen.

Blir vinteren kald, kan det bli ny rekord. Særleg viss straumprisane held fram i det høge sjiktet.

– I år er vedprisane attraktive, samanlikna med straumprisene. Kring ei krone i skil per kilowattime om ein fyrer med ved, seier Stranna Larsen.  

Stikkord denne saka: