«Me kunne greidd dette med mindre brædl», sa føregangsbonden Jonas Lea frå Varhaug (1882-1969). Anledninga var ei vekkingsbølgje på Jæren sist på 50-talet der livets alvor buldra inn over jærkysten og sette så sterke kjensler i sving at halve mannskapet på Varhaug sitt Alag i fotball droppa å møta på fotballtrening dagen etter eit vekkingsmøte. Dei unge atletane hadde blitt omvende, og kunne ikkje lenger spela fotball.
For uinnvigde lesarar skal eg koma kjapt inn frå reservebenken og formidla at det gamle jærske uttrykket «brædl» betyr bråk og høge lydar. Uroa på bondelandet den gongen er av eit heilt anna slag enn presset som bøndene blir utsette for i dag. Fellesnemnaren er at Jonas Lea sin kommentar hadde passa inn også i vår samanheng. Me hadde fint greidd oss med mindre brædl i landbruket, sjølv om høyrselsvern dempar dei høgaste ulydane.
Kven er eg som skriv dette? Far min tok over garden frå sin far i 1960. Dryge ti år seinare, då eg var komen i tiårsalderen, var eg ein del av arbeidsstyrken på garden. Nett slik det var, og skulle vera. Nokre gonger kunne arbeidet vera tungt for ein ung og umogen kropp. Smertene i armane fekk meg til å grina. Smågrisene var alt for tunge. Eg løfta dei opp etter bakføtene, slik at faren min lettare kom til med kniven, som hadde fått ein grundig omgang med slipebrynet slik at han var skarp. Kastreringa var unnagjort på få sekund. Far tømde litt jod på sårsnitta før eg slapp grisen ned på golvet i bingen og plukka opp ein ny. Korleis smågrisene hadde det, tenkte eg lite på. Dei laga litt brædl i nokre sekund, men var tilbake til sine normale aktivitetar, på patten eller under varmepæra, så snart dei nådde golvet.
Nei, eg ser ikkje på meg sjølv som ein halvkriminell bølle med blod på hendene. Men eg har, som teksten indikerer, levd ei stund. Eg er meisla ut av ei kålrabi på Varhaug i ein heim der me song for maten og måtte drikka opp mjølka i glaset før me gjekk frå bordet. I mine tjue beste vaksne år var eg bonde, ein yrkestittel eg var vanvitig stolt over å ha. Så vart det samdrift. Eg bytta ut traktorsetet og gjødselskrapa med kontorstol og tastatur. Det har ikkje vore mindre gildt. Like til nå. Eller like til for eit par år sidan.
For etter den sommaren det regna så grassat, vil brædle ingen ende ta.
Jungelen i Amazonas står i full fyr. Me står planta i ein annan verdsdel, men likevel midt i smørja. Bøndene gapar etter oksygen og ser ikkje ein einaste farbar veg for ekspansjon og vekst. Dyrevernsaktivistar står på trammen og slår på trommer. Mattilsynet ligg nede med brekt rygg. Mjølkemengda skal reduserast med 100 millionar liter. Gjødselvareføreskrifta skal reviderast. Miljørekneskap skal implementerast. Husdyra skal setjast frie og sleppast ut. Tollmurane brest. Veganarane knaskar delvis importert grønt og er på sveltekur. Miljøførekjemparar, som sjølv aldri har hatt problem med tarmgass, nektar å eta produkt frå kyr som rapar metan og er miljøverstingar.
Eg er ingen aktivist. Snarare tvert om. For å unngå brædl tar eg gjerne ein omveg. Men det røyner på. Eg høyrer med til dei som i si tid vart innprenta at saltet i grauten er farlegare enn glyfosat. Når no bruken av glyfosat med jamne mellomrom blir sterkt kritisert, kanskje med rette, får eg lyst til å klatra opp på ein stabel med kvite, plastpakka rundballar og hytta med veivande armar. Eg vil knyta nevane mot dei som vil både det velsigna kjemikaliet og rundballeplasten til livs.
Demokrati er truleg det beste styringsalternativet me har. At eit lite parti kjem på vippen gjer politikk spanande. Men då marginale Venstre greidde å få Høgre og Framstegspartiet med på å leggja ned norsk pelsdyrhald, vart trua på demokratiet og politikarane si handlekraft vengeskote med stalinorgel-artilleri. Når styresmaktene i tillegg vinglar og visar uvilje til å gjera opp for ugjerninga, blir ord fattige. Einaste ordet er skam. Men nett no er skam-ordet så til dei grader oppbrukt og misbrukt, at eg skal styra unna.
«Eg får stella godt i fjøset og elles la humla suse», vart det herma etter ein bondekollega frå Vigrestad som fann trøyst i bondeyrket sitt etter å ha blitt overmanna av kjensler over alt det vonde i verda. Nå går det ikkje an å bruka dette uttrykket lenger. Talet på humler som suser har gått drastisk ned.
Kor er så den lønsame og berekraftige vegen ut or uføret? Eine dotter mi fann nyleg ei flue i ein salatpakke ho hadde kjøpt. Butikken responderte med å gi henne eit gåvekort på 200 kroner som erstatning for tort og svie. Dette er, så langt eg kjenner til, den dyraste flua i Hå kommune. Kanskje me skulle begynt med fluer?
Spøk og spas til sides. Det er sjølvsagt ein veg gjennom brædle. Den ligg konstant i krafta bøndene sjølv er utstyrte med. Eit møte med ei av desse jærbøndene på ein typisk jærgard nyleg, var ekstra sterkt. Ikkje fordi det ho sa var så spesielt. Men fordi heile kroppsspråket hennar vitna om ei glede over bondeyrket og ei framtidstru som ikkje all verdas smeltande isfjell kunne rokka ved. Ikkje all verdas dyrevernorganisasjonar heller, for den del.
Denne bonden, med bry for ungane, mjølkerobot og gjeld, kunne sikkert hatt tusen grunnar til å liggja vaken om nettene og grua. Men det var smila, optimismen og nattesvevnen som rådde der på garden. Kor får dei næring frå? Tankmjølk? Dei bruker i alle fall ikkje krefter på å isolera seg på tuva si og spy eddar og galle på facebook.
Hardt arbeid. Deling av kunnskap. Vekst gjennom samarbeid, idéutveksling og samvirke. Tæring etter næring. Stein på stein og skulder ved skulder. Orda er så svulstige og «ute» at dei er flaue å bruka. Men det er handlingane bak dei orda som dei siste hundre åra har skore gjennom brædle og bygd landbruket på Jæren.
Brædl er elles ikkje noko nytt under sola. Dei gamle jærbuane hadde, trass i mangel på høyrselsvern, sjølvsagt ei rådgjerd mot unotar dei ikkje hadde bruk for.
Dei «gjorde tjukke øyrer».
Sjur Håland