Eksklusivt garn av svartfjesull

Eksklusivt garn av svartfjesull

Svartfjesbøndene vil ikkje akseptere at ulla frå sauene deira er verdilaus. No har dei bevist det motsette. – Garnet er overraskande mjukt og eksklusivt, seier Pernille Volent frå Oslo Mikrospinneri. Garnet er for sal hjå styret i Svartfjeslaget.

Lukkeleg som deltidsbønder

Lukkeleg som deltidsbønder

Hektisk telefonverksemd og mykje reising pregar arbeidsdagen til Ole Johan Bergene. Då er det godt å sjå til sauene på beite, – eller i hagen, som bonden kallar det.

Rimeleg mjølk frå staten

Rimeleg mjølk frå staten

Ved årets ordinære kvotesal kjøper staten 40 prosent av kvotane for kroner 4,50. Kumjølka skal seljast ut att innanfor kvoteregionane, medan det for geit heller ikkje i år vert statleg kvote å få kjøpt.

Endring i kvoteforskrifta: Lag ein god avtale

Endring i kvoteforskrifta: Lag ein god avtale

Ikkje baser kvoteleiga på eit handtrykk, ein munnleg avtale, eller god tru, åtvarar Olav Sandlund i landbruksdirektoratet. – Få på plass ein ryddig avtale for å sikre produksjonsgrunnlaget for investeringa di, seier han.

Topp mjølkekvalitet i 25 år

Topp mjølkekvalitet i 25 år

Flaks? Tja, men ikkje flaks åleine. For Marit og Magne Svantesvold har oppskrifta vore gode rutinar og ei oppriktig interesse for dyra sitt ve og vel, samt ein god dose yrkesstoltheit.

Avlar for mindre raping

Avlar for mindre raping

NSG tar klimautfordringa på alvor. Seks tusen sauer skal kartleggast for utslepp av metan. Målet er å bruke målingane i arbeidet med ein meir klimavenleg sau. Nyleg var dei på Finnøy i Rogaland, blant anna hjå Karl Andre Vignes.

Kartlegg metanutslepp frå sau

Kartlegg metanutslepp frå sau

Ved hjelp av utstyret i lastebilen “Metanmåleren” ønsker Norsk Sau og Geit å måle faktisk utslepp av metan, samt undersøke variasjon mellom dyr, og om det finst ein arveleg komponent.

Tidenes største okseutval

Tidenes største okseutval

Utlisting av nye eliteoksar no i mai kjem med heile nitten nye oksar, i tillegg til fire som heng med frå førre runde. Hans Storlien i Geno har store forventningar, ikkje minst til 12136 Haugen PP frå Sæbø i Ørsta.