Skal kartlegge landbruksjord: Fylkesmannen i Telemark skal starte eit prosjekt for å kartlegge all matjord i kommunen. Per i dag er det meir enn 50 000 daa som tilsynelatande er unytta. Bilete frå Sauherad kommune. Nes kyrkje midt i biletet. Illustrasjonsfoto.
Meir enn 50 000 dekar jordbruksjord ligg unytta i Telemark. Det vil Fylkesmannen gjere noko med.
Jane Brit Sande
I Telemark fylke er det totalt 294 000 dekar dyrka mark som er underlagt driveplikt. Men det blir ikkje søkt om produksjonstillegg på alt arealet.
– Differansen er på meir enn 50 000 dekar. Det kan altså sjå ut til at berre 81 prosent av jordbruksarealet blir nytta til matproduksjon, seier Helge Nymoen, landbruksdirektør i Telemark, til Bondevennen.
Skal informere om driveplikta
Frå nyttår set Fylkesmannen i gang eit prosjekt for å kartlegge status for dei areala som tilsynelatande er unytta landbruksjord. Prosjektet startar opp etter nyttår, med analyse av fjellkommunane i starten.
– Me skal pusha kommunane til å opplyse grunneigarane om ansvaret og plikta til å drive jorda. Oppfølging av driveplikta har vore eit sovande kapittel, seier Nymoen.
Ei utfordring er å finne ut kor areal med unytta jordbruksareal ligg. Det er stor variasjon i kommunane.
– Til dømes veit me at det i Bø kommune blir søkt om produksjonstilskot på 95 prosent av kommunens totale jordbruksareal. Dei siste prosentane kan godt hende at er i drift, og det vil me finne utav i løpet av prosjektet, seier Nymoen.
– Me vonar effekten av prosjektet er at det blir meir attraktivt for grunneigarane med langsiktige avtalar på leigejord, noko som er ein fordel for bønder som ønsker og treng arealet, seier Nymoen.
Ikkje nok dyr
Telemark har mange ulike produksjonar. Sau og storfe dominerer blant husdyra. Nymoen fortel at kraftfôrkrevjande produksjonar ikkje har fått veldig stor plass i fylket, med unntak av nokre egg– og svineprodusentar i Midt-Telemark.
– Litt synd, med tanke på spreieareal. Forholdet mellom dyr og areal må bli betre her i fylket, seier han.