Prioritert: Partnarskapen vil i år prioritera fjøs til 15-30 kyr. Det er kring 700 båsfjøs att i Rogaland. Illustrasjonsfoto: Liv Kristin Sola.
Partnarskapen i Rogaland har kartlagt prioriteringane for bedriftsretta landbruksmidlar. Dei vil ha fleire mjølkekufjøs for 15-30 kyr.
Jane Brit Sande
Partnarskapen i Rogaland består av Bondelaget, Fylkesmannen, fylkeskommunen, Innovasjon Norge (IN), Bonde- og småbrukarlaget og skognæringa. Prioriteringane kjem fram i eit oppdragsbrev om strategisk bruk av bedriftsretta investeringsmidlar i landbruket (IBU), og blir forvalta av Innovasjon Norge Rogaland.
Landbruket i Rogaland er tildelt 47,12 millionar kroner i investeringsmidlar for 2019. Dette er same ramme som i 2018, men då var totalramma større på grunn av ei eingongsløyving på 6,9 mill. kroner, samt nokre ekstra omfordelte midlar frå andre fylke.
Prioriterer mjølk
Fylkesmannen viser til at det fortsatt er 700 båsfjøs i fylket. Viktige landbrukskommunar som Finnøy, Bjerkreim og Vindafjord har framleis mange båsfjøs. Berre i Vindafjord er det, i følgje Kukontrollen, om lag 80 båsfjøs.
– Skal me koma i mål innan 2034 med omlegging til lausdrift i alle fjøsa som er att, er det på høg tid å starte dette arbeidet, seier assisterande landbruksdirektør, Anfinn Rosnes.
Difor blir fjøs til 15-30 kyr er prioritert av partnarskapen, i tråd med nasjonale føringar.
– Dei beste sakane, der bygg og produksjonsomfang er tilpassa dei naturgitte føresetnadane, med eige fôrareal, aktivt beitebruk, spreieareal og så vidare, kan faktisk få opp mot to millionar kroner i tilskot frå Innovasjon Norge, seier Rosnes.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.