Tilpassa: Elevane hjå Vinterlandbruksskulen på Jæren er gjerne yrkesaktive familiefolk. Rektor Ole Eriksen og resten av staben samlar difor elevane til undervisning på kveldstid.

Dei er unge vaksne og har det heseblesande hektisk. Vinterlandbruksskulen på Jæren greier likevel å skreddarsy ei agronomutdanning som høver.

Sjur Håland

Til saman 76 vaksne elevar, 27 kvinner og 49 menn, set av fleire kvardagskveldar kvar veke gjennom vinteren i regi av Vinterlandbruksskulen på Jæren. Målet til elevane er å skaffa seg ei agronomutdanning i løpet av to eller tre år, alt etter kor travelt den enkelte vil ha det.

– Til våren er det fem elevar som får agronomtittelen. Det er rekordlågt, men må reknast som ein liten dump i høve til normalen, seier rektor Ole Eriksen.

Må vera fleksible

Hausten 2017 starta 40 nye elevar etter at Vinterlandbruksskulen på Jæren i ein treårsperiode køyrer parallelle tilbod i Helleland og på Øksnevad.

– Alt handlar om å levera fleksible tilbod. Då kjem elevane, erfarer Eriksen.

Skulen har utdanna komande eller praktiserande bønder heilt sidan 1911. Tidlegare flytte skulen rundt i distrikta og hadde undervisning på dagtid gjennom vinteren. Slik er det ikkje lenger.

– No har me til og med gått vekk frå laurdagane som undervisningsdagar og køyrer undervisning på kveldstid gjennom skulevinteren. Elevane er gjerne yrkesaktive familiefolk. Det tar me omsyn til.

Privatskule

Utdanningstilbodet for vaksne elevar, som vil ta ei agronomutdanning, er ulikt alt etter kor i landet ein bur. I Rogaland er det vinterlandbruksskulane i Ryfylke og på Jæren som gir dette tilbodet. Desse skulane blir rekna som private.

– Det betyr at skulen er godkjend etter lov om private skular med rett til statstilskot. Midlane frå Utdanningsdirektoratet utgjer 85 prosent av kostnadsramma, forklarer Eriksen.

Skuletilbodet er VG3 Landbruk. Praksiskrava for å koma inn på skulen skal tilsvara minst samla praksismengde som VG1 og VG2 gir.

Må ha praksis

– Praksisbiten er viktig, men betyr ikkje at me ikkje har høve til å gjera enkelte unnatak, seier Eriksen.

Opptakskrava føreset at eleven har fylt 19 år og har minst eit halvt år jordbrukspraksis. Søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring, eller er over 25 år, må gjennom ei realkompetansevurdering før dei blir tekne opp som elevar.

– Kven er elevane dykkar?

– Det er oftast ei, ein eller eit par som skal ta over garden. Utdanninga til bondeyrket skjer gjerne etter at dei har fått ei avklaring heime på at det er på tide til å førebu seg på ei gardsovertaking. I klasseromma fins også elevar som ikkje har gard, men som ønskjer å skaffa seg ein.

– Men den typiske eleven er ei eller ein som skal bli bonde.

Snitt 28 år

Tendensen dei siste åra er at elevane blir yngre. Vinteren 2017/2018 er snitteleven 28 år.

– Skulen har elevar frå kring 20 til opp mot 40 år. Det hender også at me har elevar som har passert 40, seier Eriksen.

– Kva er fordelen med å utdanna vaksne elevar, kontra å forma dei heilt unge?

– Me får motiverte, nysgjerrige elevar. Dei er ofte rike på erfaringar frå andre utdanningsløp og yrke. Dessutan set mange seg til skulebenken med erfaringar frå landbruket og eigne gardar. I klasseromma blir dei utfordra til å engasjera seg, noko dei i høgaste grad gjer. Eg trur også at dei nettverka som blir bygde mellom elevane og ulike aktørar i denne utdanningsperioden får stor verdi vidare i yrkeskarrieren.

Lærer å forstå

I utdanninga prøver skulen å gjera elevane medvitne på at til dømes kulturlandskapspleie også er ein del av samfunnsoppdraget til norske bønder.

– Planlegging, økonomi, rekneskapsforståing og bruk av driftsplan og budsjett er avgjerande. Vidare får utfordringar knytt til klima og miljø stadig meir plass i undervisninga, i tillegg til dei tradisjonelle faga.

– Kva førebur de elevane på?

– Svært mykje. Kanskje det viktigaste er at me gir dei eit grunnlag for å forstå. Mange veit kva dei skal gjera, men har ikkje lært kvifor. Skulen gir elevane ei teoretisk plattform å bygga vidare på.

Stikkord denne saka: ,