Ugras: Engsoleie-eng i beite. I dette beitet må beitegraset melda pass. Sprøyting (helst om våren) er beste rådgjerda. Foto: Ragnvald Gramstad.

Ugras: Engsoleie-eng i beite. I dette beitet må beitegraset melda pass. Sprøyting (helst om våren) er beste rådgjerda. Foto: Ragnvald Gramstad.

Ugras breier seg i matfatet

8. juli 2024 | Aktuelt

Gult er ikkje kult. Særleg om det er engsoleie som dominerer i beitematfatet ditt.

 Sjur Håland

– Der har dette ugraset ingen ting å gjera, seier tidlegare NLR-rådgivar Ragnvald Gramstad.

Nå har beita vore i bruk eit par månadar, og dyra har fått forsynt seg med det dei likar best. Det betyr at blomstrande ugras blir ekstra synleg. Gramstad peikar på engsoleie som ein av dei ugrasartane som har blitt meir synleg i kulturbeita dei siste åra.

– Dette skuldast nok fleire ting. Lågt beitetrykk av sau og lam, kan vera ei årsak, seier han.

Ragnvald Gramstad

Ragnvald Gramstad

Gramstad held fram at engsoleie trivst best på dårleg drenert og pakka jord. Planta har ein bitter smak, og vil i fersk tilstand vera giftig for storfe.

– Overgroing av engsoleie i beita må takast på alvor då ugraset elles vil øydeleggja beita, som er for matfat for beitedyra å rekna, seier han.

MCPA/MCCP

Beste tiltak i beita er systematisk utreinsking med sprøyting tidleg på våren med for eksempel MCPA eller ei blanding av MCPA/MCCP.

– Temperaturen må vera høg, 15 grader eller meir for å få maks effekt av sprøytinga, understrekar Gramstad.

Nå er plantene i ferd med å spreia frø, og det vil vera i seinaste laget å sprøyta.

– Det mest effektive er å sprøyta om våren. Å ta knekken på plantene nå, kan vera krevjande å lukkast med. Men det er ikkje noko i vegen for å sprøyta nå og i tillegg ta ein ny runde ein varm vårdag neste år når plantene er i god vekst før blomstringa, seier han.

Stikkord denne saka: