Spesialrådgivar i NIBIO, Arne Bardalen, meiner betre agronomi, meir presis teknologi og betre utnytting av ressursane kan bidra til å auke grasavlingane med 20 prosent.
Liv Kristin Sola
Fylkesmannen i Sogn og Fjordan fekk stinn brakke då dei tysdag i førre veke inviterte til fagdag om Klima, landbruk og robot. Arne Bardalen var invitert til å halde eit innlegg om overordna kurs for klimainnsatsen i landbruket. Han minna om at landbruket truleg er den næringa som vil bli mest påverka av klimaendringar.
– Det gir næringa ei stor eigeninteresse i å bidra til at klimaendringane ikkje bli så dramatiske at det vert vanskeleg å drive landbruk og skogbruk, sa Bardalen.
Store skilnader syner potensial
Jordbruk dreier seg først og fremst om å produsere og sikre nok mat.
– Det er ein gjensidig avhengighet mellom høve til å produsere, og samstundes hindre at klima endrar seg og gir ugunstige høve for produksjon, sa Bardalen.
Skogbruket var tidleg ute og hevda at skogen er svaret på klimautfordringane, ved at skogen bind CO2. No kjem jordbruket etter.
– Jordbruket erkjenner at dei har ei utfordring med for høge klimautslepp, og utfordringar knytt til metan, lystgass og CO2. Næringa tek i større grad ansvar og jobbar aktivt for å finne løysingar som kan redusere klimautslepp og auke binding av karbon i jord, sa spesialrådgivaren.
Han peika på dei store skilnadane i klimautslepp som er registrert mellom bruk som tilsynelatande er heilt like. Eit sprik som vitnar om eit stort potensial for forbetring om ein ser næringa under eitt.
Presisjonsjordbruket
Bardalen erkjenner at få bønder vil finne det interessant å bidra til reduserte klimautslepp, dersom det betyr auka netto kostnader på bruket. For dei er det viktig at klimaråd vert tett kopla til økonomisk rådgiving. Det overordna målet med klimatiltak og klimarekneskap, er å oppnå ei betre utnytting av ressursane på garden, gjennom heile kretsløpet. Med ny teknologi kan landbruket oppnå ei meir presis og betre utnytting av næringsstoffa i planteproduksjonen.
– Tiltak som reduserer utslepp til luft bidreg samstundes til mindre utslepp til vatn og vassdrag, rett og slett fordi ei meir presis gjødsling gir betre utnytting av næringsstoffa. Samstundes gir det betre økonomi ved at meir av næringsstoffa kan nyttast av plantene, sa Bardalen.
– Eg er overtydd om at me berre ser starten av den teknologiske utviklinga i jordbruket. Bruk av presisjonsteknologi, både med GPS og sensorar, gjer at desse robotane kan analysere plantedekke og porsjonere ut både gjødsel og plantevernmiddel etter behov, seier Bardalen.
Framtida er teknologisk
Mykje nedbør og store maskiner fører til jordpakking og reduserte avlingar. Med stadig kortare tidsvindauge med laglege forhold for jordarbeid, tvingar det seg fram krav til maskinar og utstyr som er meir effektive, meir presise, og ikkje minst lettare. Mindre jordpakking og skade på jordsmonnet, kan bidra til høgare avlingar og betre infiltrasjon av vatn, samt redusert risiko for overflateavrenning til vassdrag.
– Med eit våtare klima, vert dei store maskinane mindre gunstige samanlikna med små sjølvgåande landbruksrobotar, som kan arbeide døgnet rundt med minimal skade på jorda. Teknologien kan kompensere for mange av ulempene med småskalastrukturen, med små teigar med dårleg arrondering, trur Bardalen.