
Tone Steinsland
HØYR:
Trur ikkje tilliten er svekka
– Feil kan skje, og heldigvis har me eit system som fangar opp svikten og reagerer kjapt og effektivt. Eg ser ikkje at den såkalla eggskandalen vil svekka tilliten til den norske maten, seier Tone Steinsland.
Sjur Håland
Ti millionar konsumegg måtte nyleg trekkast frå marknaden etter at høner hadde fått for store dosar D-vitamin gjennom kraftfôr produsert av Fk Agri i Trøndelag.
– Det er mykje egg også sett i forhold til tal produsentar som har fått levert feilprodusert kraftfôr. For meg illustrerer dette at her har det vore eit velfungerande sporingssystem i sving og at det ikkje blir tekne sjansar i det heile.
I lys av den dramatiske hendinga seier verpehøneprodusenten Steinsland at ho er glad for å få stadfesta at næringa har det ho omtalar som eit ope, ærleg og transparent system kor alt kjem fram.
– Slik må det vera med omsyn til både menneskehelse og dyrevelferd.
Steinsland seier at tilbaketrekkinga kom i ein periode med underdekning på norske egg i marknaden.
– Enkelte aktørar har signalisert import frå Danmark. Det ønsker me jo ikkje i eit land der me er stolte over å vera sjølvforsynte med egg.
– Korleis kan slikt skje. Har me for store einingar. For få kraftfôrprodusentar og for store eggprodusentar?
«Alle mat-produsentar er sårbare når
store og alvorlege feil skjer.»
Tone Steinsland
– Hadde dette skjedd i eit av våre naboland med enda større besetningar hadde konsekvensane vore langt større. I Norge har me små besetningar, maks 7.500 høner per gard. Den største eggprodusenten i Sverige har 1,3 millionar høner. Me har også mange kraftfôrmøller. Hadde me berre hatt éi stor mølle her i landet, ville konsekvensane vore mykje større.
Ho seier at heile næringa nå lurer på kva som har skjedd.
– Eg har vore 16 år i fjørfenæringa og har aldri opplevd at høner og griser har blitt forgifta på denne måten på grunn av feil i fôret. Feilen må avdekkast slik at slikt aldri skjer igjen. Når først det skulle gå galt, er skaden mindre enn den ville vore dersom avlsbesetningar og dermed rekrutteringa hadde blitt råka.
– Men fjørfebransjen er svært sårbar?
– Ja, men ikkje meir enn andre landbruksnæringar. Alle matprodusentar er sårbare når store og alvorlege feil skjer. I dette tilfellet vil gransking avdekke kva som har skjedd, og kraftfôrmøllene landet rundt vil gå gjennom sine rutinar. Slik sett vil risikoen for liknande hendingar framover vera svært liten.
– Du plar halda fram at i Norge kan me eta rå egg. Har tilliten til den «reine» norske maten fått eit skot for baugen?
– Nei, det meiner eg den ikkje har. Her har noko gått galt i ei kraftfôrmølle. Hadde det vore ein sjukdom, som følgje av til dømes Salmonella, ville ripa i lakken vore langt større.
DEI SISTE ARTIKLANE FRÅ HØYR:

– Mattilsynet må vera tydelege
Sauebonden må bestemme seg, vaksinere mot blåtunge eller ei, men råda spriker i alle retningar, meiner Bjørn Tore Birkeland. – Mattilsynet må ta ansvar, seier han.

Vil profesjonalisere sauen
Rogaland Sau og Geit vil gjere sauekontrollen obligatorisk og skjerpe produksjonskravet.
– Me må profesjonalisere næringa og få betre oversikt, seier leiar Anders Schanche Rettedal.

– Me tilrår vaksinering
Animalia ber stor- og småfebønder om å førebu seg på det som truleg blir nye og tidlegare utbrot av blåtungevirus i år.