BN+

Fleksibel slått: Den lette maskinen pakkar ikkje jorda. Haustevindauget vert lenger og slåttane kan tilpassast fôrbehovet i fjøset. Thorvald tek seg fram på bratt og blautt areal, ikkje minst på areal som i dag er ute av drift. – Thorvald må bli eit supplement til traktoren, spesielt fordi me må redusere energiforbruket i landbruket dei neste åra, seier Anders Felde.


Mindre jordpakking, redusert energiforbruk og meir og betre avling. Det er kinderegget som Thorvald skal bidra til. Men vegen fram er lang.


Liv Kristin Sola


Torsdag førre veke var det rigga for demonstrasjon av den autonome landbruksroboten Thorvald på NIBIO Fureneset i Vestland. Men tekniske utfordringar og etterlengta vått vestlandsregn sette ein stoppar for det opne arrangementet. Men med mange i prosjektgruppa samla på Fureneset, og ein tredjeslått klar for hausting, fekk dei involverte partane ein tilstandsrapport.

Må gire opp

– Eg skulle nok ønske vi var komne litt lenger. For dette må vi berre få til. Vi må finne eit system som er funksjonelt for distriktslandbruket, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag, og medlem i prosjektgruppa.


Han minner om at landbruket skal redusere klimagassutslepp innan 2030. Skal det skje må mange gjere tilpassingar og redusere energiforbruket på eigen gard.


– Dette er framtida. Det er det ingen tvil om, men det trengst meir utprøving og tilpassing til grasproduksjon, seier professor Nils Bjugstad ved NMBU.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,