På oppfôring: Bondevennens podcast gir deg tips om kva som skal til for å sikra høg tilvekst og god klasse på stutane.
Høyr om korleis du optimaliserer oppdrettet av stutar – og tener pengar på det.
Ingvild Steinnes Luteberget
Både mjølke- og kjøtproduksjonen blir stadig meir spesialisert. Det har ført til at mange som driv med mjølk eller ammeku sel oksekalvar som fôringsdyr til andre som driv med okseoppdrett. Større einingar som produserer mykje okseslakt, gir rom for å optimalisera produksjonen, med tanke på oppstalling og fôring. Samtidig blir strategival og utnytting av ressursane på den enkelte gard viktigare. Så kva skal til for å tene pengar på stut?
I denne siste episoden av Bondevennens podcast, i alle fall for denne gong, handlar det om oppfôring av stut. Fagleiar storfe i FKRA, Ola Stene, fortel om strategival og kva som påverkar fôringsstrategien. Kva skal til for å få høg tilvekst og god klasse? Erik Øvrebø frå Bokn fôrar fram ca. 100 stutar i året, og deler av sine praktiske erfaringar.
Ola Stene
Erik Øvrebø
Du finn Bondevennens podcast der du lyttar til podcast eller på bondevennen.no/pod