Døra ber gardens bumerke, eit solkors.
Jofrid Åsland
Mellom fjord og fjell ligg bygda Kvilldal i Suldal. Her skjuler gamle bygg historier frå ei fjern fortid.
Dette stabburet ber til dømes bumerket til garden Øystad. I dag bur tre generasjonar på garden, og satsar ivrig mot framtida.
Under svartedauden låg garden Øystad og Refsvodl aude. Garden vart ikkje busett att før i 1617.
Bumerket til garden er eit solkors.
Meir om denne historia finn du i boka Gamle Suldal. Gards- og ættesoge.
Les meir om Kvilldal og garden Øystad i Bondevennen nummer 6.