Noko å tygge på: Fôring kan knappast overvurderast som ein faktor å ha stålkontroll på i mjølkeproduksjonen. Foto: Istock / Jay Yuno

Noko å tygge på: Fôring kan knappast overvurderast som ein faktor å ha stålkontroll på i mjølkeproduksjonen. Foto: Istock / Jay Yuno

PODCAST:

Spiss fôringa

15. november 2024 | Aktuelt

Rett fôring er ein balansekunst. Få gode råd til å meistra kunsten i Bondevennens podcast.

Du kan faget, gjer liksom alt rett, kyrne mjølkar greitt…og likevel får du ikkje heilt den ytinga du veit du kan oppnå. Kva gjer du? Fortvil ikkje – bonderådet vårt er på saka i vekas ferske podcast-episode.

For her handlar det nemleg om alle ting om fôring: Om korleis du legg best til rette for overgang frå sinperioden til laktasjon. Om hold og holdstyring. Sur vom. Grovfôropptak og viktige mineral. Og om korleis du avslører fôringsrelaterte tilstandar som ketose.

Lite er så viktig i mjølkeproduksjonen som fôring. Balansert «kost» har mykje å seia for dyrehelsa – og for økonomien din som bonde. Her gjeld det å lesa kyrne sine nøye, og å få auge på kven av dei som treng litt ekstra oppfølging.

I tillegg til det faste bonderådet vårt som består av Ingvild Steinnes Luteberget, Jenny Kleppe og Bjørn Lende, medverkar også Tine-rådgjevar Anja Våg Skjold i denne episoden.

Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Podcasten er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.

Tine-<br />
rådgjevar<br />
Anja Våg Skjold.<br />
Foto: Tine

Tinerådgjevar Anja Våg Skjold. Foto: Tine

Stikkord denne saka: