Brannfolk: Mannskapet på Bryne brannstasjon vil ved utrykking ha mest mogleg informasjon om gardsbruket dei rykker ut til. Framme frå venstre: Atle Skåra og Kjetil Anfinnsen. Bak frå venstre: Kåre Idland, Stian Anda og Lasse Johannesen.
Mannskapet på brannstasjonen bruker maks 20 minutt ut til gardsbruka i Klepp og Time kommunar. Den tida vil dei bruka på å lesa seg opp på nøkkelpunkta på garden.
Sjur Håland
Branninspektør Kåre Idland og KSL-revisor Martin M. Haarr ivrar for at brannfolka skal møte eit skilt på garden, når dei kjem på skarpt oppdrag. På få straksar gir informasjonen fullt overblikk over bygningane og dei kritiske punkta.
– På litt lengre sikt er målet å få opp eit elektronisk beredskapskart over garden på dataskjerm i brannbilen, slik at me blir oppdaterte på det me treng å vita om garden under utrykking, etter melding om gardsbrann eller ulukke, forklarer branninspektøren.
Sekunda tel
Gardane ligg tett på Jæren. I Klepp og Time er tala på gardsbruk kring 500. Dyretettleiken er stor. Sekunda tel ved ein brann eller ei gjødsel- eller silogassulukke. På brannstasjonen på Bryne, som høyrer til Rogaland brann og redning IKS, bygger for tida mannskapet spisskompetanse på dyreredning, samstundes med at dei i samarbeid med Matmerk arbeider med å laga praktiske objektplanar, det som i landbruket blir kalla beredskapsplan, for dei einskilde gardsbruka.
– Ein beredskapsplan på ein gard er utruleg viktig. Når ein stor brannbil med fire mann skal inn i tunet og rundt bygningar, kan det vera alt anna enn lett å koma til. Ofte blir me ståande i tunet og må bruka verdfull tid på å henta inn informasjon og vurdera moglege løysingar med bonden, fortel Idland.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.