Å tenka enkelt er forferdeleg vanskeleg
Liv Kristin Sola
Bileta frå byggeprosessen er private.
Langt og smalt og heilt ope. Fjøset ligg på fjellknausane over ferjekaia på Oanes. Heilt ved munningen av Lysefjorden.
Det ser kanskje enkelt ut. Men med nærare ettersyn, er det dei mange detaljane som gjer at fjøset står fram som eit enkelt bygg. Detaljar som ingen har gjort før dei.
Arnhild Erevik og Egil Byberg disponerer 380.000 liter mjølk, halvparten av kvota leiger dei av Arnhild sine foreldre, Signe og Alf Olav Erevik. Dei to generasjonane driv jorda på kvar sin gard. I 2016 tok dei i bruk eit nytt lausdriftsfjøs. Radek Misik Sikorski, frå Polen, har vore tilsett hjå Arnhild og Egil i 4 år. Gjennom Radek kunne dei etablera kontakt med fabrikkar i Polen, og importera blant anna stål og innreiing til gunstige prisar.
– Me ville bevisa at det går an å tenka utradisjonelt, seier dei unge bøndene.
Dynamitt i staden for dyrka jord
Dyrka jord har dei for lite av, men dei har mykje uproduktivt areal. Dei fann ei passande skråning, med mykje fjell og kratt. Skråninga hadde to passande hyller. På ei av hyllene ligg fjøset, på den andre har dei plassert gjødselkummen.
Før dei kunne rydda måtte dei grava ned 1,7 km høgspentlinje. Dei fjerna 16 høgspentmaster. Halvparten av dei stod på dyrka mark. Arbeid og maskinar måtte dei halda sjølve. Utgifter til diesel fekk dei dekka.
Stor eigeninnsats
Dei tok blyantskissa med seg til Norsk Landbruksrådgiving, som er godkjend til å rekna på kostnadsoverslag basert på standard prisar. For ein kostnad på 10.000 kroner, fekk dei både lovord med på vegen, og eit kostnadsoverslag som dei kunne nytta til å søka støtte hos Innovasjon Norge. Kostnadsoverslaget var på 7,8 mill. for fjøs, gjødselkum, fôrsentral, plansilo og opparbeiding av tomt. Innovasjon Norge ga tilslag på 1 mill.
Inkludert verdien av eigeninnsatsen, enda prosjektet i overkant av 7,8 mill. Av det er 5 mill. reine utlegg. Resten er berekna verdi av eigeninnsats. Sjølve fjøset kom på 3 mill. inkludert mjølkerobot og gjødselkum. Egil trur at prislappen kunne enda opp mot 15 mill. om dei hadde sett vekk alt arbeidet.
– Grunnarbeidet har kosta mykje, men det er ei investering i jordvern. I det lange løp ville det vore meir kostbart å tapa 9 dekar med dyrka jord for all framtid, kommenterer Egil.
Høgt under taket
Eit overordna mål har vore å bygga kostnadseffektivt og redusera fjøsarealet så mykje som råd, utan å gå på kompromiss med dyrevelferd og logistikken til dyra.
Fjøset har fast golv med gummidekke og fall inn mot ei dreneringsrenne i midten. Framfor roboten er det spalter med eit lite gjødsellager. Gjødsla går i røyr til tverrkummen i enden av gangarealet, og flyt vidare i røyr ned til gjødselkummen.
Det smale fjøset har skråtak med 10 graders helling. Frontveggen er 6 meter og baksida er 4 meter høg. Dimensjonane på taksperrene er tona ned og dei har spart kostnaden med kip i taket. Utvendig fôrbrett reduserer arealet med 4 meter per lengdemeter. Ingenting er støypt ned i golvet. Slik kan dei lettare gjera endringar om det vert behov.
Søkt patent
«Det er det ingen som har gjort før, så det kjem nok ikkje til å gå». Denne kommentaren har dei høyrt meir enn ein gong. Dei undrar seg over kvifor det er så lite vilje til å tenka utanfor det etablerte. Men det har sjølvsagt ein risiko å tenke nytt. Difor har Egil patentsøkt konstruksjonen.
– Me har fått ei enkel og driftssikker fôringslinje. Nå vil me få fôrbrettet ut i marknaden, og håpar det kan vera med å redusera byggekostnaden og forenkla kvardagen for andre bønder, understrekar Egil.
Bonden driv ein mekanisk verkstad utanom garden, og har i ein del år produsert diverse reiskapar på bestilling. Dermed har dei utstyr og kompetanse til å setja fôrbrettet i produksjon.Fôrbrettet kan tilpassast ulike typar fjøs, både mønt tak og isolerte bygg. Det kan vera aktuelt å montera fôrbrett på begge sider av fjøset. Og det kan brukast til ku-, ungdyr- eller sauefjøs.
Ingen luksus
Arnhild og Egil har bevist at det går an å tenka heilt annleis. No vil dei gjerne motivera andre bønder, spesielt mindre besetningar, til å tru på at det er mogleg å redusera kostnadane med å tenka utradisjonelt.
Mange nye fjøs er dominert av betong. Betong er dyrt. Fjøset må vera oversikteleg og funksjonelt. Dei opplever at enkelte bønder kan vera konservative og skeptiske til nye idear. Men ei like stor utfordring kan vera profesjonelle fjøsplanleggarar som i mange tilfelle er lite villige til å tenka ut nye og meir kostnadseffektive fjøs.
Stikkord denne saka: Driftsbygning, Fôr, Mjølkeku, Mjølkeproduksjon