Vilje til vekst: Bonde Wegard Qvalbein og Sp-partileiar Trygve Slagsvold Vedum framfor det som kan bli Qvalbeins eigen grønsaksåker, dersom han får produksjonsavtale. I dag leigar bonden ut stykke til ein annan produsent.
– Me må bruka pengar over statsbudsjettet for å få opp verdiskapinga i grøntsektoren, seier Trygve Slagsvold Vedum.
Bothild Å. Nordsletten
Nyleg skreiv Bondevennen om jærbøndene Wegard og Ann Qvalbein, som slit med å få innpass i grønnsaksproduksjonen, trass tydelege politiske signal om satsing på grønt. Paret frå Hå kommune driv i dag med mjølk og pels. Som følgje av regjeringa sitt vedtak om avvikling, legg dei ned pelsproduksjonen i haust, med stort økonomisk tap. Dei ønskjer å byggje nytt mjølkefjøs, men fortel at banken er atterhalden med finansiering i påvente av at Stortinget fattar endeleg avgjer i saka om kompensasjon til pelsdyrbøndene seinare i haust.
Nyleg kom partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, på valkamp-besøk til dei unge bøndene. Wegard Qvalbein forklarte Vedum at vekta av pelsvedtaket, dokumentaren om svinefilmen, dei komande kutta i mjølkeproduksjonen og det generelle presset mot kjøt, tyngjer bøndene.
– Motet går i frå oss, sa den unge bonden.
– Kva skal me satsa på, når alt er fullt? Grøntsektoren var ein vinnar i jordbruksoppgjeret, og nyetablerarar skulle løftast. Kva kan me gjera for å få til det?
Pengar må til
Det er tydeleg at situasjonen til dei unge bøndene gjorde inntrykk på Vedum.
– Her ser me resultatet av regjeringa sin politikk, sa partileiaren, med klar referanse til avviklingsvedtaket for pelsnæringa, (sjå undersak).
Bondevennen spissa bondens spørsmål til Vedum etter besøket.
– Korleis vil Senterpartiet auka grøntproduksjonen?
– Dette er det fullt mogleg å få gjort noko med. Ein må hugsa på at satsingar som denne ofte er mest på papiret, med lite pengar som følgjer med. Truleg må me bruka litt pengar over statsbudsjettet for å klare å få opp verdiskapinga. Me set oss ned og brukar litt ressursar, så får me det til. Det er masse flinke folk i næringa.
Saknar samvirka
Vedum vil også sjå på verkemiddelapparatet – det svake tollvernet for grønt, og på høve til å utvida den norske tollsesongen. Han viser at Senterpartiet støtta etablering av produsenteigde fruktpakkeri då dei sat i regjering.
– Det var bra grep. Me bør sjå på liknande i grøntnæringa òg, i samarbeid med næringa.
Partileiaren er lei for at samvirka i grøntsektoren rauk for lenge sidan, og at produsentane no hovudsakleg leverer på kontrakt, noko som gjer det vanskeleg for Qvalbein-paret å få innpass på marknaden.
Venter på svar
I nemnde Bondevennen-artikkel opna Arve Gladheim, organisasjonsjef i Gartnerhallen, døra på gløtt for Wegard Qvalbein og oppmoda om å ta kontakt. Qvalbein så gjorde, trass i at Gartnerhallen tidlegare har forklart at behovet for nye produsentar er metta. Bonden har søkt om å få produsera totalt 300 tonn med hovudsakleg gulrot og kålrabi.
– Eg vart ikkje så klok på om eg får avtale eller ei, men eg har fått løfte om at dei skal sjå på søknaden min. Eg skjønar jo at Gladheim ikkje kan lova noko, seier Qvalbein.
Gartnerhallen skal ifølgje Qvalbein gå gjennom saka i september.
Vil ikkje reversera pelsvedtaket
Senterpartiet trur slaget om pelsdyrnæringa er tapt, men vil pressa regjeringa for ei betre erstatningsordning. Medan Trygve Slagsvold Vedum gjerne vil reversere regjeringa sine sentraliseringsgrep, trur han ikkje det er mogleg å endre vedtaket om avvikling av pelsdyrnæringa. Senterpartiet vil likevel ta erstatningsforskrifta opp i Stortinget ved første høve, etter høyringsfristen er ute.
– Oddsa for fleirtal for noko anna enn avvikling er truleg små, men debatten viktig for å legge press på regjeringa slik at dei gjer endringar i forskrifta, seier Vedum til Bondevennen, og stadfestar:
– Målet vårt er full erstatning for dei råka familiane.
– De vil altså ikkje freista å reversera vedtaket?
– Nei. Dette er alvor for folk. Ein ting er å seia at Senterpartiet vil reversera ei tvangssamanslåing av kommunar. Her er det einskilde familiar som tar avgjerder ut frå kva dei håpar på. Og kva om me ikkje får regjeringsskifte? Dette inneber så store privatøkonomiske konsekvensar for enkelte personar, at eg er redd for å seia noko som kan gi falskt håp.
Partileiaren viser til at fôrprisen aukar ettersom pelsfarmane blir færre.
– Diverre trur eg pelsdyrnæringa er vekke i 2021. Avviklinga går fort. Slaget stod i vår. Når nokre pelsdyrbønder byrjar å slutte er heile grunnlaget borte, seier Vedum.