12 nye prosjekt, godt forankra i landbruket, er i ferd med å bli realisert i Hordaland.
Liv Kristin Sola
SNOP er ikkje til dumpingprisar i Hordaland, men ein trivelegare måta å seia “Strategisk Nærings- Og Produksjonsutvikling”. SNOP er eit tilbod til gardbrukarar og nyetablerarar utvikla av Norsk Landbruksrådgiving (NLR), i Hordaland.
Dørstokkmila
Økonomi og budsjett, marknadsføring og tilskotsordningar, forretningside, ressurstilgang og målgruppe….. Nødvendige oppgåver som kan gjera dørstokkmila UENDELEG, for ein som berre ønskjer å realisera ein draum og skapa noko nytt på garden.
Det er nettopp denne dørstokkmila NLR og kursleiar, Ester Helland, skal rettleia deltakarane over. Ester gir rettleiing og råd for bønder som ønskjer å starta ny næring på garden, som eit tillegg til eksisterande produksjon eller som ei heilt ny retning.
– Det har vore ein prosess. Lenge stritta alt imot. Eg har ikkje sett lyset før no mot slutten, innrømmer Sidsel Klave, frå Stykje Gard, og ler.
Visjon – mål – handling
– Skal du velja, må du ha eit mål. Har du vald, må du veta kvifor, seier Ester.
Gjennom forretningsplanen definerer deltakarane nosituasjonen på garden, og set seg mål for prosjektet og ser på kva for ressursar som må til for å nå måla dei har sett seg.
I tillegg til teori og arbeid med eigne planar, har deltakarane besøkt ulike prosjekt der eigarane har etablert ei ny næring eller tilleggsnæring på garden.
– Svært nyttig, seier deltakarane om desse besøka.
Presentasjon
Deltakarane møttest første gong i november 2015, og har vore i lag på fem samlingar, totalt 12 dagar. På denne siste samlinga var tid for å presentera konkrete planar for dei andre deltakarane.
– På samlingane har me hatt nokon å tenka høgt i lag med. Det var nyttig å presentera idear og få tilbakemeldingar, sjå reaksjonane når me la fram ideane våre. Fleire hovud tenkje betre enn eitt, er nyskaparane samde om.
Prosjekta spenner vidt, frå gardsbarnehage og hundebarnehage, produksjon og foredling av kjøt og opplevingar, hestesenter, produksjon og foredling av ville vekstar i lag med tradisjonelle smakar, pub og kafe, og familieterapi.
– Hvor utgangspunktet er galest, blir titt resultatet originalest, sa Anders Dalland, og viste til at sitatet frå Per Gynt passa godt for prosjektet han og Irene Danielsen planlegg for Dalland Gard på Tysnes.
Nye moglegheitar
Hordaland vert 12 nye prosjekt rikare, og det vert arrangert nye SNOP-kurs til hausten, lovar Ester Helland. Ho oppmodar alle som drøymer og gøymer på ein liten nyskapar i seg, om å ta kontakt for meir informasjon.
Stikkord denne saka: Inn på Tunet, Utdanning