image description

 

Regjeringa har lagt fram staten sitt tilbod til jordbruksforhandlingane 2015. Kostnadseffektivt landbruk er ei uttalt leiingsstjerne for regjeringa sin landbrukspolitikk. Omgrepet er eit mål på kor mykje ressursar som går med for å nå eit bestemt føremål. I regjeringa sin politikk er spørsmålet; kor mykje ressursar må til for å produsere billeg mat? Kva som er kostnadseffektivt, på lang sikt, står ikkje på regjeringa sin politiske agenda.

I tolkinga av omgrepet kostnadseffektivitet ligg truleg nøkkelen til å forstå regjeringa sine prioriteringar. Korleis kan ein produsere billeg mat med minst mogeleg støtte over statsbudsjettet og samstundes, av beredskapsomsyn, ha størst mogeleg matproduksjon. I eit kort perspektiv er det kostnadseffektivt å legge mindre vekt på verdiar som distrikt, kulturarv, bruksstruktur, og at maten må produserast på norske ressursar. Den breie rolla som ein tradisjonelt har tillagt landbrukspolitikken kostar.

Regjeringa si smale målsetting materialiserer seg i verkemidla den set i verk gjennom lov, forskrift og innrettinga av jordbruksavtalen. Under mottoet; meir marknad, mindre stat, er signala samordna og tydelege. Tenkinga er at alt som motverkar marknadskreftene sitt frie spel gir urasjonelle løysingar, og strir mot prinsippet om kostnadseffektivitet. Dei store strukturgrepa i jordbruksavtalen blei gjort i fjor, i år er det justeringar i same retning.
Politikken stimulerer, etter norsk målestokk, til stordrift med dobling av konsesjonsgrensa for kylling, kraftig hevjing av mjølkekvotane, og prioritering av budsjettmidlar til bruk med stor produksjon. Halvering av tal kvoteregionar for mjølk er eit nytt tiltak som bygger opp under regjeringa sin strategi om større driftseiningar og sentralisering, alt for å nå målet om kostnadseffektiv produksjon.

Og politikken verkar. Med unntak av storfekjøt er voluma i dei grovfôrbaserte produksjonane i positiv utvikling. Marknadssituasjonen, meir enn produksjonsevne, avgrensar produksjonsvoluma i dei kraftfôrbaserte produksjonane. Avgangen av små bruk blir kompensert med volumauke på større bruk.
STATEN TILBYR ei ramme på 90 millionar kroner, som etter utrekningane vil gi 6.000 kroner per årsverk i inntektsvekst. Tilbodet har eit kutt i budsjettstøtta på 110 millionar. Auka prisuttak, målprisendring og marknadsvekst for andre varer, nedgang i realrente og forventa kostnadsutvikling har gjort det mogeleg å presentera eit pluss i ramma, sjølv med eit betydeleg budsjettkutt.
– Statens tilbud må ses på bakgrunn av at inntektsveksten i jordbruket har vært klart sterkere enn for andre grupper, både i 2014 og i 2015, sa statens forhandlingsleder, Leif Forsell, då han la fram tilbodet.

Kanskje det viktigaste tiltaket for ein kostnadseffektiv matproduksjon er grepet om ikkje å prioritera norsk kornproduksjon. Ein svært forsiktig målprisauke blir fullt ut kompensert med 64 millionar kroner i prisnedskriving på korn. Resultatet er ingen forventa auke i prisen på det viktigaste innsatsmidlet i husdyrproduksjonane, kraftfôret.

Kva er då utfordringa? Landbrukspolitikken har ei retning som, på lang sikt, neppe er berekraftig. Sentralisering og auka kornimport er å gå i motsett retning av Stortinget sitt oppdrag om å auka produksjonen av mat på norske ressursar. Har politikken eit parlamentarisk grunnlag?
Strukturendringa har ingen endestasjon. Stort nok i dag er for lite i morgon. Erfaringar frå omverda fortel at avregulering av jordbruket og billeg mat ofte blir det motsette av ei suksesshistorie for bonden, husdyra og forbrukarane.

 

 

Eirik Stople