Prioritet: Mjølkekyr med 15-30 kyr får saman med grøntnæringa prioritet i 2019. Førebels blir det også mogleg å få finansieringsstøtte til investeringar til ammekuproduksjon.
Medan det blir meir til grønt og mindre mjølkebruk, er det framleis full stopp i investeringsstøtte til konvensjonelle sauebruk.
Liv Kristin Sola og Sjur Håland
Det nye året vil for enkelte bønder vera året for turar til banken og Innovasjon Norge for å søkja finansieringsstøtte til nye prosjekt på garden. Bondevennen har snakka med fire fylkeskontor for å høyra kva midlar dei har til rådvelde og korleis dei ser føre seg å prioritera potten.
Særskilte sentrale føringar for 2019 handlar om prioritering av frukt- og grøntnæringa, veksthusnæringa og kornproduksjon. Innafor mjølkeproduksjonen prioriterast bruk med 15-30 årskyr.
I desse dagane forhandlar staten og landbruket om ein friviljug klimaavtale for landbruket. Mykje tydar på at behovet for vekst i ammekuproduksjonen vil bli betydeleg mindre enn tidlegare anslag. Innovasjon Norge varslar at det kan endra dei nasjonale føringane kring finansieringsstøtte til ammekuproduksjon.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.