Skummelt: – Me får maktgrupperingar som manglar kjennskap til kva landbruk, matproduksjon og dyrevelferd dreier seg om. Det er skummelt, seier Per Voll.
Per Voll er meld til politiet av ein dyrevernorganisasjon etter at Mattilsynet var på besøk. No oppmodar han faglaga og Mattilsynet til å stå opp mot det han kallar ekstreme krefter mot næringa.
Sjur Håland
Mange svineprodusentar har opplevd det same. I Voll si sak var det også ein av dyrevernsorganisasjonane, som etter innsyn i Mattilsynet sine postlister, melde han til politiet. I følgje Voll hadde besetninga null halebiting og ingen alvorlege avvik då Mattilsynet kontrollerte dei vel 800 dyra i besetninga hans i oktober i fjor.
Registrert hjå politiet
Han hadde ikkje fått beskjed om at han var meld, og visste ingen ting før brevet frå politiet dukka opp i posten. Om politiet i brevet informerte om at saka var lagt vekk, har han likevel fått namnet sitt registrert hjå politiet med saksnummer, gjerningsdato og -stad.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.