Skogsamvirka på Vestlandet, Vestskog og Sogn og Fjordane Skogeigarlag, har vedteke å fusjonera.
– Ved å samla kreftene kan vi gjeva skogeigarane betre tilbod både på pris og på tenester. Auka volum gjev lågare driftskostnad pr. kubikkmeter, truleg opp mot 10 kroner meir til skogeigar, seier styreleiar Halvor Brosvik i Vestskog.
Det nye selskapet får namnet Vestskog og hovudkontoret vert i Bergen. Styreleiar er Halvor Brosvik, Gulen og dagleg leiar er Kjetil Andrè Rødland, Voss. Fusjonen er effektiv frå 9. april. Det vert opplyst i ei pressemelding frå Vestskog.
Om Vestskog:
- Vestskog SA vert heile vestlandet sitt skogsamvirke og dekkar fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
- Selskapet vil i 2015 omsetja opp mot 400.000 kubikkmeter tømmer og få ein omsetning på om lag 250 millionar kroner.
- Vestskog har ein desentralisert organisasjon med 25 tilsette med kontor frå Bryne i sør til Hornindal i nord og har 2.750 eigarar.