Jæren møter Kaliningrad: Trygve Bore (til venstre), Johnny Strømvoll, Martin M. Haarr, Denis Tsjekhulin og Ruslanas Kolomakas hadde mange erfaringar å dele under møtet på Jæren.

Den russiske storbonden Denis Tsjekhulin nytta tida godt då han vitja Jæren førre veke. Meir kunnskap og erfaring var gulrota for besøket på Klepp.

Jane Brit Sande

Etter det første besøket på Jæren i 2015 reiste Denis Tsjekhulin tilbake til garden i Kaliningrad og investerte tre millionar euro i gulrotdyrking. Nyleg kom han attende for å læra meir. Saman med landbruksteknikar Ruslanas Kolomakas, samt tolk og tilretteleggjar Johnny Strømvoll, direktør i gjødselselskapet Nutritech System, vart han tatt imot av Trygve Bore og Thomas Johnsen frå Jæren Gulrot på Klepp i Rogaland.
Gulrotproduksjonen på garden til Tsjekhulin måler i dag 320 dekar. Det totale arealet på garden er 50 000 dekar, og i tillegg til gulrot produserer han blant anna raps, kveite, bær og eple. Han produserer hovudsakleg for marknaden i Kaliningrad, men har planar om å satsa på eksport.

For mykje svinn

– Volumet me produserer på arealet er godt, men me klarer ikkje balansen mellom gulrot som kan seljast og gulrot som må kastast, seier Tsjekhulin til dei norske vertane.

Kaliningrad oblast er eit lite russisk administrativt distrikt, ein eksklave utan landvegsforbinding til det eigentlege Russland. Kaliningrad er omgitt av Polen og Litauen, og dermed også EU og NATO, mot Østersjøen. Områdets viktigaste by og administrative senter bærer også namnet Kaliningrad.

Kjelde: Wikipedia

I Kaliningrad er kravet at gulrøtene skal vere mellom 15 og 25 cm lange, og mellom 2,5 og 4 cm tjukke. Hjå Jæren Gulrot pakkar dei ein del i plastbeger, og då skal gulrøtene vere mellom 15 og 24 cm lange.

Dokumenterer: Denis Tsjekhulin (til høgre) og Ruslanas Kolomakas noterte og dokumeterte flittig då dei vitja Jæren Gulrot førre veke.

Lagringsproblem

Tsjekhulin seier at han gjerne vil høyre kva erfaringar Jæren Gulrot kan dele om lagring. Han opplever at det kjem sprekker i gulrøtene, noko butikkane klager på.

– Det er viktig med borgjødsling, seier Trygve Bore, som gjerne deler erfaring om korleis han gjødslar og behandlar gulrøtene gjennom sesongen.

Skifteplanen blir henta fram, og gjestene spør og noterer flittig.

– Eg behandlar med bor første gong når gulrotbladet er mellom 10 og 15 centimeter. Me behandlar to til tre gonger gjennom sesongen. Men sprekking kan også kome av for mykje nitrogen, seier han. 

– De lagrar gulrøtene med jorda på, spør gjestene, litt overraska.

– Ja, det er ikkje eit poeng å vaska dei før lagring. Det er også viktig at det ikkje er for tørt i jorda under hausting, seier Bore.

Tsjekhulin og Kolomakas blir vist rundt i lager og pakkeri. Dei dokumenterer og noterer flittig. Det er rimeleg og tru dei reiste heim med både kunnskap og inspirasjon etter besøket på Jæren.

Russland riggar for storstilt mateksport

Russiske myndigheter investerer stort i landbruket i landet. Bakgrunnen er internasjonal usemje etter russarane si krigføring i Ukraina og annektering av Krim-halvøya i 2014, samt eit mål om enorm mateksport, skreiv Nationen i førre veke.

Russlands president Vladimir Putin seier Russland skal eksportere matvarer for 300 milliardar innan 2024. Dette er nesten dobbelt så mykje som dei eksporterte for i 2019.

Stikkord denne saka: