Aukar stort: Verdiskapinga frå fjørfeslakt i Rogaland er på 209 millionar kroner i 2022. Det er ein auke på heile 40 prosent sidan 2017. Egg og fjørfekjøt har den høgaste verdiskapinga per årsverk i fylket, med 1 624 000 kroner. Foto: Istock / Voren1

Aukar stort: Verdiskapinga frå fjørfeslakt i Rogaland er på 209 millionar kroner i 2022. Det er ein auke på heile 40 prosent sidan 2017. Egg og fjørfekjøt har den høgaste verdiskapinga per årsverk i fylket, med 1 624 000 kroner. Foto: Istock / Voren1

Rogaland: Færre bønder skapar større verdiar

3. desember 2024 | Aktuelt

Trass færre bønder og færre jordbruksføretak: Verdiskapinga i jordbruket aukar i alle kommunar i Rogaland.

Bothild Å. Nordsletten

Kor mykje produserer eigentleg bøndene i Rogaland og kva verdiskaping fører alle husdyra og veksthusa til? I dag ligg rapporten føre som svarer på dette, med oppdaterte tal frå 2022.

Den førre tilsvarande rapporten kom i 2017.

Dei ferske tala viser at fylket, trass i stadig færre bønder, har om lag same del av den totale jordbruksproduksjonen som i 2014.

Rapporten syner også at verdiskapinga i landbruket og den relaterte industrien er på til saman 3,1 % av den totale verdiskapinga i Rogaland.

Det er marginalt høgare (opp 0,5 prosentpoeng frå 2,7) enn i 2017.

Sjå kommentarar frå Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag, og Anfinn Rosnes, nestleiar ved landbruksavdelinga hjå statsforvaltaren lengre nede i teksten.

Matfylket i tal: Rapporten «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland» er laga av NIBIO og Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet på bestilling frå Landbrukspartnarskapet i Rogaland, som består av Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Rogaland skognæringsforum, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Rogaland.

Matfylket i tal: Rapporten «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland» er laga av NIBIO og Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet på bestilling frå Landbrukspartnarskapet i Rogaland*. Lenke til rapporten.

Hovudpunkt i rapporten:

Pilene opp i Rogaland

  • Verdiskapinga i landbruket aukar med 22% (målt i 2022-kr.)*. Det tilsvarer 4,2 mrd. kr. og ein auke på 747 mill. kr.
  • Verdiskapinga aukar i alle fylkets kommunar.
  • Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og landbruksbasert industri = 9,6 mrd. kr. Det er ein auke på 2,4 mrd (målt i 2022-kr).
  • Dette utgjer 3,1% av den totale verdiskapinga i fylket – marginalt høgare /0,5% meir, enn i 2022.
  • Verdiskapinga per årsverk i jordbruket, målt som bruttoprodukt per årsverk, er på 670 000 kr. per årsverk. Det er ein auke på 111 423 kr. per årsverk sidan 2017.
  • Klepp, Sola, Hå og Time har høgast verdiskaping per årsverk, med høvesvis kr 829 000, kr 800 000, kr 797 000 og kr 780 000 per årsverk.
  • Egg og fjørfekjøt har høgaste verdiskaping per årsverk med kr 1 624 000, følgt av svinehald (kr 1 191 000) og mjølkeproduksjon (kr 680 000).
  • Lågast ligg sauehaldet med kr 354 000 per årsverk. Offentlege tilskot overgår inntektene frå marknaden i dennen produksjonen.

Mest frå marknaden

  • Av Rogaland-jordbrukets produksjonsinntekter (verdien av varer og tenester produsert på eit år) kjem 78 pst frå marknaden, 22 pst kjem frå offentlege tilskot (produksjonsinntekter).
  • På Jæren utgjer marknadsinntektene ein større del av produksjonsinntektene enn i resten av fylket.

Sysselsetting 2017-2022

  • Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6 285 årsverk = 1% (84 årsverk/ 156 000 timar) meir enn i 2017.
  • Sysselsettinga i jordbruket i Rogaland fall med fire prosent.
  • Sysselsettinga i næringsmiddelindustrien auka med fem prosent.
  • Heile verdikjeda i landbruket frå bonde til butikkarbeidar til fjøsbyggjar utgjer ca. 15 000 sysselsette =
    5,6% av alle syssselsette i fylket.
  • Mjølkeproduksjonen sysselset flest, med 2299 årsverk.
  • Rogaland har størst verdiskaping og sysselsetting i jordbruket i Noreg – etter Innlandet.

Dei ulike produksjonane sin del av total verdiskaping i Rogaland, 2017-2022:

  • Mjølk: 37% (1549 mill.kr. = 8% nedgang).
  • Svin: 16% (659 mill.kr. = Auke på 222 mill. kr.).
  • Veksthus: 12% (31% auke)
  • Sau: 12% (501 mill.kr.= Auke frå 329 mill. kr.).
  • Egg/ fjørfe: 9% (Egg: 172 mill.kr.= Auke med 8%. Fjørfeslakt: 209 mill.kr. = Auke på 40%)
  • Ammeku: 9% (398 mill.kr. = Auke på 43%).

Av Noregs samla produksjon står Rogaland for:

  • Mjølk: 18,7 %
  • Storfekjøt: 17,4 %
  • Svinekjøt: 28,2%
  • Sauekjøt: 22,2%
  • Egg: 26,6%
  • Fjørfekjøt: 33,2% (Opp frå 28% i 2017)
  • Tomat: 92%

Færre søkjer tilskot

Frå 2010-2022 gjekk talet på mottakarar av produksjonstilskot ned 10 %. 4007 føretak søkte om produksjonstilskot i 2022. Av desse hadde 3731 jordbruksareal.

*Landbrukspartnarskapet i Rogaland består av Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Rogaland skognæringsforum, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Rogaland.

**rekna som bruttoprodukt.

Hå på topp: Verdiskaping frå jordbruket i kommunane i Rogaland i 2022 og 2017 (i 2022-kroner), bruttoprodukt, mill. kr.

Hå på topp: Verdiskaping frå jordbruket i kommunane i Rogaland i 2022 og 2017 (i 2022-kroner), bruttoprodukt, mill. kr.

Jæren i tet: Prosentvis fordeling av marknadsinnteker og tilskot for jordbruket for kommunane i Rogaland 2022.

Jæren i tet: Prosentvis fordeling av marknadsinnteker og tilskot for jordbruket for kommunane i Rogaland 2022.

– Me har utvikla oss

– Dersom regjeringa verkeleg vil ha auka sjølvforsyning, så er det frå Rogaland ein får mest matproduksjon og størst verdiskaping med minst klimautslepp, konkluderer Ståle Hustoft etter å ha lest rapporten.

Leiaren i Rogaland Bondelag meiner ingen nå kan lura på om landbruket er viktig i fylket.

– Dette er tal som seier at me har utvikla oss i forhold til i 2017. Produktivitetsveksten er eit sunnheitsteikn for næringa, seier han, og meiner fylket er godt skodd for å bidra til å auka matproduksjonen fram mot 2030.

– Me skal ha auka sjølvforsyning i Noreg. Rogalandsbonden viser vilje og evne til å levera på det. Det er eit godt teikn.

«Me ser ikkje sentralisering i same grad som tidlegare.»

Ståle Hustoft, leiar i Rogaland bondelag

Ikkje alt til Jæren

Det er få dramatiske endringar i tala som kjem fram i rapporten. Hustoft bit seg likevel merke i at veksten gjeld i alle produksjonar i alle kommunar. Dette tolkar han på følgjande vis:

– Me ser ikkje sentralisering i same grad som tidlegare. Fortettinga av produksjonar til Jæren har tilsynelatande alt skjedd og avtatt. Nå ser me vekst i alle kommunar. Med tanke på berekraft og beredskap er det bra at produksjonsapparatet er oppe overalt.

Hustoft gler seg over den tendensen til at sentraliseringa lettar. Og gler seg over talfesta oppdrift ei næring som ofte blir omtalt som kriseramma.

Ståle Hustoft

Ståle Hustoft

Pass på bonden

Bondelagsleiaren finn lite å uroa seg over i rapporten, men manar til klokskap framover.

– Når me ser vekst i alle produksjonar i Rogaland må me heile vegen syta for at det blir ein sunn vekst, ikkje minst med tanke på miljøet og på berekrafta til bonden sjølv. Denne veksten skal ikkje gå ut over bonden.

– Bestillinga frå styresmaktene er på ‘meir grønt’. Men også denne rapporten syner at berre fem prosent av arealet blir nytta til anna planteproduksjon enn grovfôr. Kva tankar gjer du deg om det?

– Skal me auka sjølvforsyning, er det først gjennom korn og proteinvekstar. At berre fem prosent av arealet i Rogaland blir nytta til anna enn grovfôr grønt skuldast eit veldig sterkt husdyrmiljø her. Husdyrhald ligg i sjela vår. For å få rogalandsbonden til å produsera noko anna enn husdyr må økonomien og tilskotsbaserte stimuli bli ennå sterkare.

Færre og større bruk

Trass i auka verdiskaping fastslår rapporten av talet på bønder og bruk blir færre. Hustoft torer ikkje seia kor grensa for ei slik utvikling går.

– Men i praksis handlar det om at einingane ikkje kan bli for svære med tanke på avstand til areala som blir nytta. Det går så lenge bøndene har gode kvardagar og økonomi nok til å leiga inn hjelp. Igjen må me sikra at utviklinga ikkje går på kostnad av bondevelferda. Denne utviklinga er ikkje ønska, men vanskeleg å stoppa fordi me etter kvart har for få folk i yrkesaktiv alder i Noreg.

«Me må sikra at utviklinga ikkje går
på kostnad av bondevelferda.»

Ståle Hustoft, leiar i Rogaland bondelag

Mindre fortetting, meir grønt

Den oppdaterte verdiskapingsrapporten er den fjerde i rekka sidan 2010.  Korleis trur bondelagsleiaren at den neste rapporten, oppunder 2030 vil visa?

– Då trur eg at fortettinga på Jæren har flata ut, basert på eit stramt gjødselregelverk. Men så kan det jo henda at me får fortetting og ytterlegare strukturrasjonalisering andre stader. Ryfylke, Dalane, Haugalandet, til dømes, ligg jo nokre år bak Jæren, slik sett. Eg trur også at neste rapport vil reflektera at planteproduksjonen har styrka seg.

Vil oppdatere politikarane

Med det friske talmaterialet har Hustoft ein tydeleg marsjordre til dei lokale tillitsvalde. Han vil at dei inviterer seg sjølv på rådhusa og opplyser dei folkevalde om kva jordbruket faktisk bidreg med. Han trur det har effekt.

– Det er mange kommunar som har stor jordbruksproduksjon, men som gløymer det i all politikken og planverket. Dei gløymer å involvera næringa. Mi oppmoding til lokallagsleiarane våre er å invitera seg inn til kommunen og visa fram tala i rapporten.

Monica Dahlmo

Produksjon overalt

Også landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren, Monica Dahlmo, vil bruka dei oppdaterte tala for kva dei er verdt.

– Dette er nyttige tal for kommunane som stadfestar kor viktig jordbruket er for dei. Somme stader syt verdiskapinga i jordbruket for drifta av ein lokal skule, til dømes, seier ho.

«Me veit at me må me produsera meir grønt skal me bli meir sjølvforsynt.»

Monica Dahlmo, landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren

Dahlmos nestkommanderande, Anfinn Rosnes, bit seg merke i kor stabil verdiskapinga i fylket er.

– Og så er me gode på å halda oppe produksjonen i heile fylket. Verdiskapinga held stand også utanfor Jæren. Det gir også eit godt grunnlag for å ta fleire areal i bruk og å auka produksjonen med tanke på meir sjølvberging.

«Me er gode på å halda oppe produksjonen i heile fylket.»

Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør

Både Dahlmo og Rosnes ser at det er eit stort potensial for meir grønt-produksjon i Rogaland.

– Me veit at me må me produsera meir grønt skal me bli meir sjølvforsynt. Og me har klima og areal til det. Men marknaden er nøkkelen, seier Dahlmo.

Anfinn Rosnes

Bonden meir synleg

Båe representantane for landbruksforvaltinga er samde om at utviklinga i retning av stadig færre og større bruk ikkje kan halda fram. Og kanskje ligg det ei kime til håp og endring i Rosnes’ vurdering av status quo.

– Landbruket har brei politisk støtte på Stortinget. Paralellt er verda veldig endra, og vektlegginga av sjølvforsyning og beredskap har blitt mykje sterkare. Derfor trur eg at det blir lettare for bonden å få aksept for tilstrekkeleg inntektsgrunnlag framover.