Mat- og landbruksdepartementet ber Fylkesmannen- og partnarskapet for landbruk i Rogaland, oppheve grensa på 350.000 liter for å gi tilskott til store fjøs på Jæren.
Eirik Stople
I oppdragsbrevet frå Fylkesmannen/partnarskapen for landbruk la ein følgjande føring for tilskott til nye kufjøs på Jæren: På det sentrale Jæren skal nye kufjøs ha prioritet, under føresetnad av at den årlege produksjonskapasiteten ikkje er høgare enn 350.000 liter.
Dette har fått FrP statsråd Sylvi Listhaug til å reagere. I brev av 9. november gir deparetementet, i klare ordlag, melding til fylkesmannen/partnerskape om å tilpasse seg nasjonle føringa for landbrukspolitikken.
I brevet heiter det mellom anna: Fylkesmannen skal ivareta de nasjonale målene i landbruks og matpolitikken, og er ansvarlig for regional tilpassing av denne. Disse føringene skal ikke komme i konflikt med nasjonale føringer. I årets jordbruksproposisjon er det lagt til grunn at det må støttes opp om de som ønsker å vokse, og støtte til investeringer som gir økt produksjon skal prioriteres.
Om føringa for ikkje å gi støtte til bruk med meir enn 350.000 i kvote skriv departementet: Denne prioriteringa samsvarer dårlig med de nasjonale føringene om at det er viktig å støtte opp om de som ønsker å vokse og at støtte til økt matproduksjon skal prioriteres.
Utidig innblanding
Leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal, karakteriserer skrivet som utidig innblanding og nok eit døme på detaljstyring frå statsråden.
– Bakteppet er at det er langt større etterspurnad etter tilskott enn vi kan imøtekoma. Då må me gjera nokre prioriteringar, og for oss er det viktig å få med mangfaldet, seier Byrkjedal.
Han viser elles til at bruk med 50 kyr er ei god tilpassing for mange bruk på Jæren.
– I ei tøff prioritering la vi vekt på at store bruk, i større grad burde ha ressursar til å gjennomføre utbygging utan tilkot. Men vi såg gjerne at det var nok midlar til alle, seier bondelagsleiaren.
På heimesida til Fylkesmannen i Rogaland les vi at skrivet frå Departementet er teke til følgje og at avgrensinga til 350.000 liter for å kunne søke om tilskot er fjerna.