• Denne gjengen ønsker alle velkommen til gards på søndag, 23. august. Bjarte, Margit, Siv, Torje og Isak viser gjerne fram dyra og maskinane på garden, og litt til.

Torje (7), Isak (5) og Margit (2,5) gler seg til å visa fram garden sin, søndag 23. august.

Liv Kristin Sola

Saman med mor, Siv Follerås, og far, Bjarte Nærland, inviterer søskenflokken alle interesserte til gards på Nærland på søndag.
Familien har robotfjøs med to mjølkerobotar. Dei har oksar i gamlefjøset, og 5.000 høns.
– Under open gard blir det saueklipping, me får grisar til gards, og høve til å ri på ponni, fortel Siv.

For 26. gong
– Denne garden var ein av dei første som arrangerte open gard, då det heile starta for 26 år sidan, fortel Siv.
Det er dei lokale bondelaga som er pådrivarane bak arrangementet.
Torje er mest interessert i traktorar og maskinar. Det aller kjekkaste er å vera med i slåtten. Torje er med i traktoren frå tidleg morgon til seine kveld.
– Me har fire John Deere traktorar, ein Massey, ein dumpar og ein hengar, seier Isak, som også likar dei store maskinane.
Men det aller kjekkaste synest Isak, er å ta salto. Og det går an å ta salto over alt.
– Dei som kjem på open gard kan få ta salto i halmen, lovar Isak.
– Og dei kan få sjå alle dyra våre. Me har kyr, kalvar, kaninar, høner og stutar, ramsar han opp.
– Me har tre vatningsvogner som folk kan få sjå. Til og med ei som me kan svinga med, forklarer Torje.

Sal av grillmat

Torje, Isak og Margit lovar sal av grillmat og meieriprodukt, og dei har planar om mange ulike aktivitetar som heile familien kan vera med på. Margit har funne katten sin, Karina, som ho er god ven med. Ho likar seg i fjøset, og vil gjerne visa fram både kaninar og kalvar.
Til folk som ikkje er så vane med dyr, har dei ei påminning å koma med:
– Det er viktig å vera rolige når me er med dyra, forklarar Torje, medan Isak turnar i båskilja, og Margit hopper hinder over innreiinga.
– Dyra våre er godt vane med «apekattar». Ungane har vore med heile i fjøset frå dei var heilt små, fortel mor.

Traktorpulling

– Som liten sat Torje i leikegrind på fôrbrettet. No er leikegrinda bytta ut med trøtraktorar og diverse maksinar, fortel Siv.
Gutane har planar om å arrangera traktorpulling med trøtraktorane, og håpar mange vil bli med i konkurransen.
– Byggefelt? Nei, takk!, seier Torje.
Han og Isak ler godt, bare dei tenker på å bu i tett i tett med andre.
Heile familien gler seg til å visa fram garden, og oppmodar folk i nærområdet til å finna fram sykkelen.
– Me har fått sykkelsti frå Nærbø heilt fram til garden, ein flott sykkeltur for heile familien, oppmodar Siv.

Opne gardar over heile landet

Open gard vert arrangert søndag 23. august, over heile landet. I år er det totalt 92 gardar som inviterer folk til gards, skriv Bondelaget på sine nettsider.

Då er det berre å finna fram til ein open gard nær deg.

Telemark: Gvarv (22/8), Drangedal, Sannidal, Skien og Heddal.
Agder: Songdalen, Kristiansand, Arendal (30/8) og Froland (6/9).
Rogaland: Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Nærbø, Time og Lund.
Hordaland: Sotra, Radøy (30/8) og Bergen (30/8).
Sogn og Fjordane: Vik, Viksdalen, Flora og Jølster (6/9).
Møre og Romsdal: Vestnes og Fræna.

Stikkord denne saka: