Stor satsing: Moglegheitene er store for frukt, bær og grønt. Spørsmålet er i kor stor grad veksten skal styrast og kontrollerast for å sikre at dei tradisjonelle produksjonsområda i vest og nord ikkje vert utkonkurrert av område med meir effektivt areal, som kornområda i aust. Foto Marita Skeie.

– Det er ikkje berre sau og storfe som flytter austover. Det går same vegen med frukt og bær, åtvarar Kari Sigrun Lysne.

Liv Kristin Sola

Kari Sigrun Lysne, frukt- og bærprodusent i Lærdal

Bonden frå Lærdal er uroa over mangel på oversikt og kontroll når frukt og bær no vert satsa på i stor skala over heile landet.

– Ingen har oversikt over kor mykje bær eller frukttre som er planta, eller kor stort produksjonsvolum som skal ut for sal når nye areal er i full produksjon om få år, seier Kari Sigrun Lysne, som dyrkar morellar, bringebær og aprikos på garden i Lærdal.

– På eit eller anna tidspunkt blir det fullt. Då veit me kva som skjer. Dei minste reiser først. Alternativet for våre frukthagar er ikkje korndyrking – det er brakklegging, slår bonden fast.

Under radaren

Lysne etterlyser ein overordna plan for kor og korleis veksten skal skje. Ho er uroa for at dei tradisjonelle frukt- og bærområda i vest går ein uviss skjebne i møte når marknaden vert metta.

– Korleis kan me konkurrere med område som plantar 100.000 epletre i året? Tal me berre kan drøyme om. Og det skjer også på kornjord, åtvarar Lysne.

Ho fryktar at det på kort tid skjer ei forskyving av produksjonen frå vest til aust, også på frukt og bær.

– Det er mykje snakk om gras og korn, men det som skjer med frukt og grønt går under radaren, også hjå Bondelaget, dessverre. Det gjer meg uroleg, seier Lysne.

Ho ønsker ei fortsatt satsing på frukt, bær og grønt, men vil ha politiske føringar for korleis dei tradisjonelle frukt- og grøntområda på Vestlandet og i NordNorge får sin del av veksten.

Les også: Grunn til uro for frukt og bær i vest

Smotthol for dei store

Ho minner om at Hardanger og Sogn tradisjonelt har hatt ein stor del av marknaden for eple, morell og plommer. Sogn og Fjordane åleine har stått for kring 80 prosent av produksjonen av bringebær. I dag er andelen under 50 prosent, ifølgje Lysne. Ho fryktar at tradisjonelle vestlandshagar tapar i konkurranse med meir effektive areal i aust, som er tett på marknaden.

– Me opplever at store produsentar nær byane, freistar å gå utanom etablerte ordningar og byr fram store volum direkte til kjedar og grossistar – og pressar prisar, seier Lysne.

 

Betre organisering og samarbeid

Lysne utfordrar også vestlandsbonden til sjølv å gjere tiltak. Ho meiner dei kan auke produksjonen, bli meir moderne og utvikle betre samarbeid. Ho vil motivere til nyetablering, både av produsentar og hagar. 

– Me har eit godt omdømme, men kan bli meir synlege Skal me lukkast må me bli betre på organisering og samarbeid. Me må levere kvalitet og selje historia, kulturen og landskapet vårt – me må selje oss sjølve, seier Lysne.

Lengste vegen til Bergen

Lærdalsbonden meiner det er unødig lang transportveg for å få frukt og bær ut i marknaden. Dei mjuke sortane, som plomme, morell og bringebær, er sårbare for lang transport.

– Me er Bergen sin kjøkenhage. Då er det meiningslaust at vegen mellom oss og Bergen går via Oslo, sukkar Lysne.

Ho håper eit sterkare samarbeid mellom produsentane i vest kan presse fram betre transportkanalar slik at frukt og bær går raskaste veg og ikkje må stå så lenge på bil og lager.

Viftar det raude flaget

Lysne, som sjølv sit i Bondelaget sitt grøntutval, meiner Bondelaget må sjå kva som er i ferd med å skje. Ho ber dei styrke dei tradisjonelle fruktområda på Vestlandet for å unngå at produksjonen vert skyvd over til kornområda.

– Kva kan Bondelaget gjere?

– I tillegg til arealtilskot, har me eit svært treffsikkert verkemiddel i soneinndelt distriktstilskot, seier Lysne.

Ho minner om at både Bondelaget og styresmaktene har ei uttalt målsetting om landbruk i heile landet.

– No må dei vise at dei meiner alvor, seier Lysne.

Ho vil ha debatten opp på høgste nivå, og tek meir enn gjerne imot landbruksministaren på besøk heime i Lærdal- snarast råd, for ein prat om moglegheiter og utfordringar.

Stikkord denne saka: , ,