Statsminister Erna Solberg har lagt regjeringskabalen på nytt.
Jane Brit Sande
Kongen har i statsråd i dag gjort endringar i regjeringa. Endringane gjeld frå i dag, 16. desember 2015, kl. 13.00.
Mat- og Landbruksministeren heiter ikkje lenger Syvli Listhaug. Listhaug bytter departement, og er no innvandrings- og integreringsminister i en post underlagt Justisdepartementet. Ny Landbruks- og matminister er Jon Georg Dale (FrP), tidlegare statssekretær for Finansminister Siv Jensen.
Nokon går ut, nye kjem inn
I tillegg til ny Mat- og Landbruksminister, er følgjande postar blitt fornya:
- Kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)
- Fiskeriminister Per Sandberg (Frp)
- Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Følgjande stasråder får nye oppgåver:
- Avtroppende europaminister Vidar Helgesen (H) blir klima- og miljøminister
- Avtroppende fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) blir ny Europaminister
Dette betyr at kulturminister Thorhild Widvey (H), klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H), og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (FrP) må ut av regjeringa.
Kjelde: regjeringen.no
Stikkord denne saka: Landbrukspolitikk