Kyllinger

Kyllingnæringa i Norge er i ei kraftig restrukturering som følgje av konsesjonsauken. Det medfører eit nytt og lågare prisnivå på kylling ut i butikk, og Nortura må snarast mogeleg tilpasse seg dette for å unngå å koma ytterligare på defensiven.

Tilbyr økonomisk kompensasjon til produsentar som sluttar.

Eirik Stople

Konsernstyret i Nortura har vedteke å redusere kyllingsproduksjonen. Dette skal skje ved å kjøpe ut 75-150 produsentar, avhengig av kven som sluttar. Målet er å redusere volumet med 8,5 millionar kyllingar. Vidare vil det, for ei tid, bli ein viss reduksjon i produksjonen for dei produsentane som blir igjen, les vi i ei pressemelding frå Nortura. Nortura har om lag 500 kyllingprodusentar.

Omstilling og effektivisering

Som ein del av omstillingspakka blir kyllingprodusentane trekt med 40 øre per kilo til eit omstillingsfond. Fondet skal nyttast til dei som sluttar. I følgje pressemeldinga kjører Nortura nå i gong eit tungt kostnads- og reduksjonsprogram for industriverksemda som skal også ta ned stabs- og støttefunksjonar betydeleg

Kyllingnæringa i Norge er i ei kraftig restrukturering

Styret i Nortura sette i mai 2015 ned ei arbeidsgruppe for å utreia og gjere framlegg om tiltak for å sikre varig konkurransekraft og lønsemd for Nortura si kylling- og fjørfeverksemd. Arbeidsgruppa, leia av konsernstyremedlem, Teig Madsen, avleverte rapport til konsernstyret 15. november 2015.
Kyllingnæringa i Norge er i ei kraftig restrukturering som følgje av konsesjonsauken. Det medfører eit nytt og lågare prisnivå på kylling ut i butikk, og Nortura må snarast mogeleg tilpasse seg dette for å unngå å koma ytterligare på defensiven. Arbeidsgruppa peikar på at situasjonen er svært alvorlig, og at den utfordrar Nortura sine kyllingprodusentar og Nortura som selskap. Prispresset i sluttmarknaden er så kraftig at det er heilt avgjerande at kyllinghusa fylles og at skalafordelane som finns blir utnytta for å oppnå ein akseptabel produsentøkonomi.
Kjelde: Nortura

 

Stikkord denne saka: , , ,