Kva med ein Gilde-app for å auka salet, spør Alf Steinhovden.

Landbruksnæringa sine organisasjonar må kjenna si besøkelsestid. Det er viktigare enn nokon gong å dyrka fram proffe styremedlemmar som kan lesa marknadsendringane og målretta innsatsen på vegne av eigarane, seier Alf Steinhovden.

Sjur Håland

Alf Steinhovden

Den engasjerte bonden frå Eikefjord i Flora kommune i Sunnfjord driv med kjøtproduksjon og grovfôrformidling og –sal. Han er særleg oppteken av Nortura og marknaden for kjøt, men strekar under at engasjementet også gjeld dei andre samvirkeverksemdene som alle opererer i ein komplisert og knalltøff marknad.
– Det er viktig å skjøna at ting skjer fort, at det er pengane som rår, og at me må handla aktivt, seier han.
Steinhovden synar til ei samfunnsutvikling med stadige endringar, som krev brennkjapp tilpassing og handling. Også i matvarehandelen skjer endingane i ekspressfart. Han ser med uro på at den bondeeigde slakterigiganten Nortura blir meir makteslause medan kjedane set dagsorden på kva dei vil ha, kva tid, og korleis dei vil ha det.
– Kanskje tida er mogen til å bretta opp skjorteermane i møte med kjedane. Eg vil halda fram Felleskjøpet og deira suksess med eigne butikkar som døme. Me bør vera tøffe nok til å seia at om ikkje butikkane vil ha varene våre, så får me selja dei sjølv gjennom eigne butikkar.
Syltetøyprodusenten Lerum har fått trøbbel etter at Rema 1000 varslar fjerning av fleire kjente merkevarer. Steinhovden brukar Lerum som døme på det han omtalar som negative konsekvensar av  kjedemakta.
– Me ser tilsvarande tendensar for våre produkt. Matvarekundane finn til dømes gjerne ikkje lam frå Nortura i butikkane. Kvalitetsvarer med høg pris blir plassert langt unna, medan varer med høgast lønsemd for butikkeigarane nærast blir lagd i fanget på kundane.
Bonden held fram at ein kan bli freista til å mistenka at det blir styrt bevisst mot reguleringslagring av kjøt frå eitt dyreslag og stort underskot av kjøt frå eit anna.
– Underskot opnar for import av billege utanlandske råvarer, og lagring førar til store ekstrakostnadar, kvalitetsreduksjon og gjerne til slutt, billegsal.
Nortura bør sjå på samfunnsutviklinga og vurdera alternative måtar å omsetja produkta på i tillegg til dei tradisjonelle matbutikkane.
– Det er mogleg å selja gjennom andre kanalar, i Bondens marknad-boder eller gjennom internett, slik andre gjer. Kva med ein Gilde-app? Eg har ikkje løysingane, men brenn ihuga for at me som eig Nortura må ta debatten no, understrekar han.
Å vera i lomma til butikkane gir, i følgje Steinhovden, skeiv fordeling av verdiane.
– Eigarane av matkjedane har skapt seg ein nærast ufatteleg formue dei siste tjue åra, medan norske gardsbruk har blitt lagde ned i stor stil. For å løysa dei formidable oppgåvene framover, trengs styremedlemmar som har guts til å ta tak i oppgåvene no, og som ikkje ser seg tilbake og vurderer kva som burde blitt gjort i etterpåklokskapens lys. Me treng å retta merksemda mot tiltak som set oss tilbake i førarsetet, understrekar Steinhovden.

 

Stikkord denne saka: