Lite arealkrevjande, den gong då: Driftsbygningen til bureisaren Ivar Topdal, på garden Norheim, øvst i Mattingsdal i Hå kommune, stod ferdig i 1953. Bustadhuset vart bygd i 1956. Same året vart løa forlenga med seks meter (to sperr). Bygningen hadde ei grunnflate på 173 kvadratmeter (18 x 9,6 meter). Bygningen er bygd i to etasjar, i tillegg til kjellar. Det er høyrom ved sida av fjøset. Då driftsbygningen vart bygd, var høyrommet like stort som fjøset. Det var gjødselkjellar under bygningen. Sauehuset var under høyrommet. Driftsbygningen vart bygd utan siloar. Dei kom seinare. Dei første åra hadde dei høner i høyrommet. Hønene skaffa dei kontantar. Ifølge Norges bebyggelse bestod buskapen midt på 1950-talet av tre mjølkekyr, fire kalvar, éin hest, 150 høner, fire griser og 30 sauer. Foto: Widerøe flyfoto
Nye bygningar trengst i landbruket, men dei legg press på matjorda. Det er inga enkel løysing på denne utfordringa.
Olav Magne Tonstad, rådgjevar. Jordbrukssjef i Hå kommune frå 1999 til 2015
Landbruket står for ca. 20 prosent av all jorda som blir nedbygd, utan at dette har skapt mykje debatt. Dette har nok si naturlege forklaring ettersom gardstuna for det meste ligg på dyrka jord. Nye bygningar vert derfor også bygde i eller i nærleiken av etablerte gardstun. Nødvendige driftsbygningar og ein del andre tiltak i landbruket vert rekna for å vere «jordbruksproduksjon» etter reglane i jordlova § 9. Tiltaka er derfor ikkje søknadspliktige etter jordlova, men berre etter plan- og bygningslova.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.