Menneskeskapt landskap: Ikkje mykje plass til villskap i det jærske jordbrukslandskapet, men dei bekkane, trea og rydningsrøysene som finst, er gull verdt for ville plantar, insekt og dyr. Og for oss menneske.
«Kartlegg» mylderet mellom åkrane
Vi overser dei så lett, men traktorvegkanten, grøftene og lebelta yrer av liv som naturen og matproduksjonen er avhengig av. Nå lanserer Nibio fire «kartforteljingar» for å gi betre innsikt i dei viktige mellomromma i jordbrukslandskapet.
Bothild Å. Nordsletten
23. august 2023
Menneskeskapt landskap: Ikkje mykje plass til villskap i det jærske jordbrukslandskapet, men dei bekkane, trea og rydningsrøysene som finst, er gull verdt for ville plantar, insekt og dyr. Og for oss menneske.
Du tykkjer kanskje det ser litt ustelt ut, men det er akkurat her, langsmed traktorvegen, at løpebilla som et bladlusa på åkervekstane kan overvintre, slik at den er raskt på plass i åkeren om våren.
Og det er der, i skråninga ned mot dreneringskanalen, at humler og bier beiter på raudkløver og følblom før dei tar ei økt i frukttrea. Med mindre dei blir mat for ein småfugl. Eller ei flaggermus. Som igjen blir mat for reven eller rovfuglen.
For slik er naturens gang, og slik må den vera.
Bønder som bidreg
– Mange bønder er fullstendig klar over dette, seier Dr. Christian Pedersen til Bondevennen.
– Derfor tar mange av dei også godt vare på desse areala – desse mellomromma i jordbrukslandskapet.
Pedersen er forskar og Ph.D. i økologi på avdeling for landskapsovervåking, kart og statistikkdivisjonen på Nibio.
Saman med kollegaer lanserer han nå fire digitale «kartforteljingar» som med tekst, bilete og lyd fortel om verdiane som finst i det dei kallar «landskapets mellomrom».
Utforsk kartforteljingane her: https://arcg.is/04e0Dz
Kartforteljingane tar for seg mellomromma i jordbrukslandskapet generelt, vegkantane som leveområde for plantar og insekt og pollinatorar og bloma. Ei eiga forteljing er via fuglane i «mellomromma».
– Desse områda er på ein måte positive bieffektar av jordbruksaktivitet, som ofte er underkommunisert eller oversett fullstendig, seier Pedersen.
– Me ønskjer å styrke merksemda mot at dei vanlege artane også er heilt naudsynte.
CHRISTIAN PEDERSEN, NIBIO
Verdifulle, men lite verdsett
Med «mellomrom i landskapet» tenkjer forskarane på små og inneklemte plassar mellom anna arealbruk: Vegkantar og andre kantsoner, mindre stykke av tidlegare jordbruksareal som ikke blir drivne lenger, eller smale striper med vegetasjon langs gjerder eller mellom jordene.
– Her finns eit mangfald av artar og arealtypar, men dette mangfaldet får sjeldan same merksemd som dei sjeldne og truga. Ofte blir slike areal feilaktig omtalt som «uutvikla og verdilause», og at de må byggast ut «for å få verdi», seier Pedersen.
Ditt og mitt landskap
Jordbrukslandskapet får oftast merksemd på grunn av si rolle i matproduksjonen. Samstundes veit mange at dette landskapet også fyller ei lang rekke andre funksjonar.
– Dette kvardagslandskapet er viktig for friluftslivet til dei som bur tett på, og for barns første kontakt med natur og andre artar, seier Pedersen.
– Det er også viktig for å ivareta kulturminne og ulike miljø som gravminne, steingjerde og andre spor av tidlegare busetting. Dette er et landskap som har, og skapar, viktige leveområde for svært mange arter.
Nokre av desse artane er direkte avhengige av, eller er tilpassa aktiviteten som føregår i jordbrukslandskapet. Desse trugast når gardsdrifta avsluttast.
– Nokre av artane gjer også stor nytte for jordbruket, for eksempel fordi dei er naturlege fiendar av skadegjerarar eller pollinatorar for nyttevekstar, seier Pedersen.
– Målet vårt med desse karta er derfor å auka medvitet om kor mykje desse areala og naturmangfaldet i dei er. Det er ein type mangfald som ofte druknar når merksemda blir retta mot sjeldnare eller meir truga artar og areal. Me ønskjer å styrke merksemda mot at dei vanlege artane også er heilt naudsynte.
Prosjektleiar for kartforteljingane i Nibio, Svein Olav Krøgli, ønskjer å nå breitt ut.
– Vi håper at vi gjennom å formidle kunnskapen om landskapet sine mellomrom som ei digital forteljing på ei nettside, når ut med informasjonen til fleire enn gjennom våre vanlege vitenskapelege informasjonskanaler, seier han.
Lenke til dei fire kartforteljingane: https://arcg.is/04e0Dz
Svein Olav Krøgli