Mentor for ein god start
– Det aller beste er at me har hatt nokon å rådføre oss med i ein krevjande prosess. Åse Ingebjørg har vore tett på drifta, men har også overblikk og ser ting i samanheng.
Liv Kristin Sola
Det seier Anne Aakhus og Even Simensen. Dei er ferske husdyrbønder, og veit å setja pris på gode råd. Med 25 års røynsle som mjølkebonde er Åse Ingebjørg Flateland ein god los inn i den nye kvardagen.
På dei neste sidene kan du lese om desse tre, og om andre ferske bønder som har fått tilbod om eit år med mentor gjennom Norsk Landbruksrådgiving. Mentorordninga har som mål at unge, nyetablerte bønder skal få tilgang til kunnskap og erfaring frå meir erfarne bønder. Ordninga legg opp til fem gardsbesøk og kontakt på telefon og e-post. Bøndene får gode råd og mentor får dele av si erfaring, mot ei godtgjersle.
Ordninga gjeld for heile landet og for alle typar produksjonar og bruksstørrelsar, frå tradisjonelle husdyr- og planteproduksjonar til frukt og bær, hest, og Inn på tunet.
Frist for å søke ordninga er 1. desember, både for bonde og mentor.
Les meir om ordninga på www.nlr.no/mentor/
Mentor marknadshage
Les om Thea Helena Opheim
og mentor Erik Halvorsen her.
Mentor økologisk
Les om Bente og Tore Hommeland
og mentor Nils Ove Nordland her.
Mentor sau og storfe
Les om Anne Aakhus og Even Simonsen
og mentor Åse Ingebjørg Flateland her.