Blir ikkje utfordra: Erlend har mykje praksis frå fjøset heime på Heigre i Sandnes. På skulen skulle han blitt utfordra meir og lært å forstå samanhengane mellom jord og fôr, og konsekvensane av gode og dårlege val og rutinar.
Utdaterte fjøs, lærarar som ikkje er fagleg oppdatert, dårleg kommunikasjon og kaos: Naturbrukselevane Erlend Ropeid og Heidi Skårland meiner Øksnevad ikkje lever opp til forventningane.
Liv Kristin Sola
Fylkeskommunen skal snu alle steinar for å gjere naturbruksutdanninga ved Øksnevad vidaregåande skule attraktiv og framtidsretta. Ei gruppe på tolv landbrukskyndige personar er spurt til råds, og har sendt sine forslag til fylkespolitikarane. Saka stod omtala i Bondevennen nr 32.
Utdatert
Erlend Ropeid (17) er elev ved vg2 Landbruk ved Øksnevad vgs. Han er ikkje nøgd med at ingen elevar er spurt til råds.
– Det er faktisk vår utdanning og framtid dette handlar om, seier han til Bondevennen.
Han understrekar at han ikkje kjenner til gruppa sitt arbeid, men etter halvgått løp på skulen gjer han seg mange refleksjonar.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.