Lokal foredling: Is av geitemjølk med smak av brunost, er eit av mange lokale produkt av geitemjølk. Lokal foredling er eit supplement til Tine sitt sortiment av ostar.
– Geitebøndene er viktige for Tine, seier Johnny Ødegård.
Liv Kristin Sola
Johnny Ødegård, direktør rådgiving og medlemsservice, politikk og samfunnskontakt i Tine, er kjent med at geitebøndene er utålmodig.
– Eg kan forstå at mange geitebønder har høge forventningar til Tine etter den innsatsen som er gjort i næringa. At somme kjenner seg nedprioritert er trist å høyre. Tine har kan hende ikkje klart å levere etter dei forventningane som er skapt, men vi jobbar systematisk for auke bruken av geitemjølka. For Tine er det viktig å ta vare på geita. For å lykkast må vi ha lønsemd i heile verdikjeda, noko vi har klart å oppnå dei siste åra.
– Tine har fleire eksklusive geitostar som vi ikkje finn i butikkhyllene, kvifor?
– Det heng saman med etterspurnad i butikkane. Etterspurnaden etter desse ostane er for låg til at det er interessant nok for butikkane å ta inn. Spesialitetane er fantastiske produkt, men går for seint i sal i dei ordinære butikkane.
Johnny Ødegård
– Korleis skape etterspurnad?
– Tusen kroners-spørsmålet. Mykje handlar sjølvsagt om marknadsføring. Geita får ein relativt stor del av marknadsføringspotten sett i forhold til volum og verdi. Geita er viktig, men Tine som eit samvirkeselskap, kan ikkje over lengre tid flytte store summar mellom produsentgruppene våre.
– Er det plass til geita i industrien, eller må bøndene satse på lokal foredling?
– På mange måtar representerer geita ytterpunkta i norsk landbruk. Geita er det husdyret som aller sterkast målber landbruket ved å utnytte fjellressursane og klore seg fast på dei marginale områda. Geita er alt det gode i norsk landbruk og passer perfekt inn i det bilete vi vil skape av landbruket omdømmemessig. Samstundes er geita noko av det mest krevjande i industriell samanheng, med relativt små volum fordelt over et stort geografiske områder. Det gir høge kostnader for industrien.
– Fleire av dei geitostane Tine har, har svært høg kvalitet, kva med å lansere meir kvardagslege produkt som smør, rømme, yoghurt og iskrem?
– Geita er absolutt til stades på kvardagsbordet gjennom kvit og brun geitost. Eg synes og at geita har lukkast bra med lokal foredling. Lokale geitebønder rundt om i landet viser ein stor kreativitet. Geita har ein mykje større del lokal foredling enn kumjølka. Tine er ein garantist for at dette kan skje ved at vi gjennom marknadsordninga både tar imot overskotsmjølk og leverer mjølk til bønder som driv lokal foredling. Lokal foredling fortel historia om geita på ein truverdig måte.
– I 2016 tilsette Tine ein forretningsutviklingssjef som skulle vere geita sin marknadsforkjempar og kommunisere med geitebøndene. Denne posisjonen er no vekk, kvifor?
– Vi gjer heile tida endringar for å effektivisere drifta. Eg trur nok at geita vert betre ivareteke når ansvaret er fordelt lenger ned til dei ulike avdelingane som er profesjonelle på sitt området.
– Kva med kommunikasjon mellom Tine og geitebøndene?
– Det kan vere frustrerande at Tine ikkje lenger har ein eigen geiteorganisasjon, men i sum trur eg at den måten vi no er organisert styrkar geita i Tine, sjølv om det ikkje er like gunstig kommunikasjonsmessig. Vi kan nok bli betre i kontakten med geiteprodusentane, både gjennom informasjon og dialog. Geitebøndene er ikkje fleire enn at vi ved fleire høve har invitert samtlege til telefondialog og skype-møter.
– Geita har vore litt utsett politisk. Kva strategi har Tine i dette politiske spelet rundt geita?
– Av dei svært få punkta vi prioriterte i samband med jordbruksmeldinga var å oppretthalde marknadsregulering på geit. Tine jobbar heile tida for geit, men vi trur vi oppnår betre resultat gjennom å jobbe systematisk gjennom våre kanalar, med god dialog og meir diplomatiske formuleringar, ikkje gjennom konfrontasjonslinja i media. Tine sitt mål med det næringspolitiske arbeidet, er å få gjennomslag for våre standpunkt, ikkje at Tine skal vere mest mogleg synleg. Sjølv om vi ikkje opptrer på forsidene i avisene, skal geitebøndene vere heilt trygge på at Tine kjemper deira sak, også politisk.