
Gjødselfloke? Nye gjødselforskrifter er mykje å setja seg inn i, men for den som vil vera med vidare er det ingen veg utanom å setja seg inn i regelverket og å tilpassa drifta til nye tider. Det handlar vekas nye podcast-episode om. Foto: Istock / Sjo
PODCAST:
Me ryddar i gjødselreglane
Det nye gjødselregelverket er komplekse greier, men fortvil ikkje. Bonderådet forklarer kva du har i vente.
Nye gjødselforskrifter fører til innstraming av spreieareal og av kor mykje fosfor du kan tilføra per dekar. Til nye normtal for kor mykje dyra slepp ut. Og til at også fosforet i kunstgjødsla skal teljast med. Blant mange andre endringar. Nokre av dei trer ikkje i kraft før i 2027, men det er berre å tilpassa drifta di, jo før, jo heller. Har du nok areal? Nok lagringsplass og godkjent innmarksbeite til gjødselspreiing? Er du klar for nye spreiefristar?
– Målet for dei nye reglane er å betra utnyttinga av næringsstoffa og redusera avrenning til vassdraga. Dette er viktige og naudsynte mål, men dei inneber utvilsamt også ein del utfordringar for husdyrbøndene. Særleg smågrisprodusentane bør vera på alerten nå, for der er det store endringar undervegs. Samstundes må alle produsentar vera budd på å tilpassa seg nytt regelverk, anten ved å justera gjødslinga/spreiearealet, eller om ein vil prøva seg på det omtalte balansegjødslingsprinsippet.
Jau, det er mykje å setja seg inn i – men denne veka får du hjelp av Bonderådet til å få oversikt over endringane som kjem, og til å rydda i prioriteringane i det du skal til å tilpassa drifta di.
Med oss i denne episoden av Bondevennens podcast har me to gjester: Håkon Pedersen, grovfôrrådgjevar i NLR. Han har vore sentral i utgreiinga av dei nye gjødselreglane. Og landbruksdirektør i Rogaland, Monica Dahlmo, som skal forvalta det nye regelverket.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.