Førsøk med gjenleggsmetodar/ugrasbekjemping og verdiprøving av fleirårig raigras og raisvingel var blant dei forsøka som blei presenterte på markdagen.
Eirik Stople
Gjenleggsmetodar/ ugrasbekjemping
– Forsøksleddet med brakking i mai og såing 6. juni gav best avling og minst ugras i første engår, oppsummerte Mats Höglind, Nibio, på markvandringa.
Forsøket blei etablert i 2014 og registrert for avling i 2015. Prosjektet er eit samarbeid mellom Nibio, NLR og landbruksuniversitetet i Sverige. Målet er å finna fram til kostnadseffektive strategiar for ugrasbekjemping som gir høg grovfôravling med minst muleg bruk av plantevernmiddel.
Forsøksledda varierer med og utan pløying, med og utan dekkvekst, med og utan ugrassprøyting i gjenlegget og med og utan brakking med glyfosat. Det var i utgangspunktet lite kveke på arealet. Det blei botanisert for ugras, kløver og gras i første engår. Figur 1 viser stor avling på alle ledda. Ledd nr 6, med brakking og etablering om våren, gav størst avling i første engår. Botaniseringa våren etter etablering viste lite ugras på dette leddet, sjølv utan ugrassprøyting etter spiring. Ledd nr 6 hadde minst kløverinnhald av alle ledda. Verdiprøving av fleirårig raigras og raisvingel
I ein samtale med Bondevennen, kommenterte Ragnvald Gramstad, i NLR, aktualiteten av raisvingel og nokre sorter av fleirårig raigras som er med i prøvefeltet. Forsøka er først og fremst ei registrering av avlingsmengde og overvintringsevne.
(Saka held fram under biletet)
– Kor aktuell er raisvingelsorten Hykor?
Hykor er ei krysning mellom strandsvingel og italiensk raigras. Sorten er positiv med omsyn til avling. Om den blir hausta på rett tid, har Hykor høg kvalitet og fordøyelegheit. Den er eigna for intensiv slått og beiting, men også til strukturfôr. Hykor er treg å etablere. Hykor blir vurdert som nummer ein blant raisvingelsortane. Den er haldbar og tørkesterk, og blir difor ein del nytta på sandjord. Det er aktuelt å blande Hykor med diploide raigrassortar (beitetypar) og eventuelt engrapp. I våre område blir Hykor nytta frå Gjesdal til Jærkysten. Etter mi vurdering er raisvingel, eventuelt innblanda med raigras, aktuell for kombinasjonen slått/beite, også for sau.
Hykor har fått lite utbreiing, kanskje for lite. Tilbakemeldingane frå bøndene har vore litt både og.
– Korleis vurderer du raigrassortane Calibra og Figgjo, som begge er med i verdiprøvinga?
Calibra er ein dansk fleirårig raigrassort som ser ut til å ta over etter Napoleon. Sorten gir stor avling og har høg fordøyelegheit. Den blir ikkje vurdert som særleg vintersterk. Den norske sorten Figgjo er ein ny interessant sort som er kome med i frøblandingane, både i raigrasblandingane og i Spire 10. Sorten er aktuell fordi den har stort avlingspotensiale og ser ut til å vera relativ vintersterk.
Denne teksten er del av ei større sak, som tidlegare har vore på trykk – Bondevennen 27/28, 15. juli 2016
Stikkord denne saka: Fôr, Grovfôr