Landbruk er meir enn matproduksjon. No skal det også bli kreativ kunst ut av livet til matproduserande kvinner og menn frå Jæren.
Sjur Håland
For å skapa kunst trengs ei skisse og eit grunnlag. Det er hovudårsaka til at Hå gamle prestegard (Kulturanlegg eigd og drive av Hå kommune) inviterer bøndene til kveldsmat og eit møte med den britiske kunstnaren Ron Haselden på prestegarden 20. april. Tidlegare jordbrukssjef i Hå Olav Magne Tonstad er hyrt inn av arrangementskomiteen til det eksklusive møtet, der kunstnaren fortel om prosjektet «Jærbondens liv». På møtet skal også ein jærbonde innleia til uformell prat om korleis det er å vera bonde på Jæren og korleis jærbonden ser på seg sjølv.
Spanande prosjekt
Om ikkje kunst og landbruk tradisjonelt høyrer saman som hand i hanske på Jæren, meiner Olav Magne Tonstad at prosjektet, som skal munna ut i ei kunstutstilling til vinteren, vil vera både identitetsbyggande, lærerik og nyttig.
– Eg er spurt om å vera med og informera både bønder og andre interesserte. Dette ser eg på som eit svært spanande prosjekt, og eg oppmodar jærbøndene til å møta opp på Hå gamle prestegard denne vårkvelden, seier han.
Utradisjonell kunst
Bøndene er hovudmålgruppa for møtet, understrekar Tonstad. Men også andre interesserte er velkomne.
– Kunstnaren kjenner, naturleg nok, ikkje det norske landbruket. Han har behov for å bli kjent med jærbonden. Ron Haselden, som bur i Frankrike, inviterer bønder til å lage enkle teikningar frå deira daglege liv på garden. Kunstnaren vil så ut frå desse teikningar illustrera jærbonden sitt liv gjennom kunst, mellom anna med bruk av utradisjonelle uttrykksformer som lysrøyr.
Temamøte
I løpet av utstillingsperioden på Hå gamle prestegard 18. november 2017 – 15. januar 2018, er planen å arrangera eit par møter med jærbonden sitt liv som tema.
– Endeleg form på desse samlingane skal på plass i samråd med dei som møter opp på møtet nå i april. Det vil gjerne handla om ulike sider ved bondelivet, korleis bøndene oppfattar seg sjølve, og om «kallet» til å vera bonde i ein gjennomregulert kvardag der dei må dokumentera og søkja om løyve til det meste, seier Tonstad.