– Liv Kristin Sola –
Turid Haga Vange driv økologisk mjølkeproduksjon i Vik i Sogn. Ho overtok garden i desember 2013 etter sine foreldre, Kari Haga og Nils Vange,
Turid er tilsett som fôringsrådgivar i Tine, og er ein del av Topp Team Fôring. Ho har kundar både regionalt, men også på Jæren og på Sørlandet. Men i heimbygda er ho mjølkeprodusent og kollega, meir enn rådgivar og fagperson. I travle tider har ho redusert Tine-jobben til 50 %.
Nils er tilsett i fulltid på garden. Øystein Bjørk har vore mykje på garden gjennom heile oppveksten. I dag er Øystein til god hjelp i travle periodar, spesielt med jordarbeid og slått.
Turid har 38 årskyr i lausdrift med mjølkerobot. Produksjonen er på 9200 kg EKM/årsku, og mjølkekvoten er på 300 tonn. Kyrne beitar 60 dekar av 1.slått før dei vert sina av og sende til fjells. Dei har fri tilgang til beite, og tek opp mykje av fôrrasjonen ute. Inne har dei tilgang til tørrhøy på fôrbrettet.
Dei slår rundt 400 dekar, og praktiserer to-trinns hausting med lessevogn. Dei nyttar Ensil pluss, og målet er 30-35 % tørrstoff. Graset vert ensilert i tårnsilo og rundballar, i tillegg til 30 tonn med tørrhøy. Vekstskifte består av 4 års eng av timotei og kløver, samt ein del varig eng.
Meir om Turid og drifta på garden kjem i Bondevennen seinare i sommar.
Stikkord denne saka: Grovfôr, Maskin, Mjølkeproduksjon, Økologisk