Torill Midtkandal ynskjer seg ei tankesmie for å styrke landbruket sin plass i samfunnsdebatten.

Liv Kristin Sola

 

Mjølkeprodusenten frå Stryn i Sogn og Fjordane, etterlyser ei tankesmie som kan sette dagsorden og målbere ei felles røyst frå landbruket inn i samfunnsdebatten.

– I dag snakkar landbruket med så mange tunger. Det skapar forvirring, ikkje minst blant politikarane. Me skal sjølvsagt ha rom for ulike meiningar i landbruket, men altfor ofte har me meir enn nok med å krangle og diskutere internt. Det tener ikkje næringa, seier Midtkandal.

Lei av å stå på sidelinja

 

Midtkandal har sett seg lei på at landbruket ikkje vert rekna med som ein del av næringslivet og verdiskapinga her til lands. Tanken om ei tankesmie har modnast over tid. Ho saknar ei rørsle, forankra i grasrota, på tvers av organisasjonane, som kan tenke dei store tankane og meisle ut langsiktige mål for landbruket, langt utover neste stortingsperiode.

– Sjølv om landbruket er ei spesiell næring med eigne ordningar som tilskot, marknadsregulering og tollvern, må me spele på same banehalvdel og likestillast med resten av fastlandsindustrien, slår ho fast.

Snakke vår eiga sak

Midtkandal åtvarar mot internasjonale forbrukartrendar som pressar politikarar og matvarekjedane.

– I ei tid kor forbrukarane vert stadig meir opptekne av matproduksjon og dyrevelferd må me løfte blikket ut over landegrensene, sjå trendane, og sette oss i stand til å møte nye utfordringar. Slik kan me ta vare både på landbruket og forbrukarane sine interesser.

– Forbrukartrendar vert i stor grad styrt av kjensler. Det same gjeld i mange tilfelle også landbrukspolitikken. Me må i større grad få fram faktakunnskap, seier ho.

 

Torill Midtkandal, mjølkeprodusent frå Stryn.

Takkar Listhaug

– Sett i ettertid, var Sylvi Listhaug ei gåvepakke, seier Midtkandal.

– Ho laga mykje bråk og me var i krig frå dag éin. Det skapte mykje merksemd, eit stort engasjement på Stortinget, og ei bevisstgjering av landbrukspolitikken. Det dukka opp støttespelarar me ikkje visste me hadde. Men no er det mykje som er sett i spel i landbrukspolitikken, og dagens minister er truleg ein større trussel mot landbruket enn Listhaug, legg ho til.

Ein evig kamp

Midtkandal meiner at landbruket i dag vert skubba frå skanse til skanse alt etter kva for landbrukspolitikk som vert ført.

– Me kjempar ein evig kamp for å informere og bygge kunnskap, blant anna hjå politikarane våre. Mangel på langsiktig tenking og ein heilskapleg strategi, gjer det til ein evig motbakke, seier Midtkandal.

Ho trur det er behov for ei tankesmie der aktørane i landbruket kan teste eigne etablerte sanningar og bryne seg på spørsmål som ikkje alltid er like komfortable.

 

– Å argumentere mot politikarar og andre som er tungt skulert både i retorikk og hersketeknikk, er ikkje for nybegynnarar, seier ho.

I møte med ukjent argumentasjon, kan heile næringa bli sett i eit dårleg lys, ofte på grunn av mangel på medietrening.

– Landbruket kjem for ofte bakpå. Me må sjølv sette dagsorden i dei store debattane om matproduksjon, klima, vern av jord og liknande. Det betyr at me må ut av komfortsona vår, takle å bli stilt til veggs og bli utfordra på krevjande spørsmål.

Ta eigarskap i samfunnsdebattane

Ho viser til etablerte tankesmier som arbeidarrørslas Agenda og høgresidas Civita, som begge er svært synlege i samfunnsdebatten. Deira meiningar er ettertrakta. Landbruket treng ei tilsvarande stemme.

– Tida er overmoden for næringa til å ta eigarskap i dei store samfunnsdebattane og snakke med ei tydeleg stemme i viktige debattforum, seier Torill Midtkandal.

Tankesmie – slik Midtkandal ser den:

Folk med spennande tankar som kan kaste ball med kvarandre for å sjå moglegheiter for landbruket, uavhengig av politikk og ideologi, men til det beste for norske bønder, forbrukarar, miljø, økonomi og sysselsetting. Solid forankring i kunnskap og fakta, ikkje rein ønsketenking. Tankesmia må vere ei blanding av folk med stor kunnskap om landbruk, og andre med engasjement for matproduksjon, som evnar å sjå landbruket litt utanfrå.

– Treng landbruket ei tankesmie for å bli meir synlege i samfunnsdebatten?

Landbruket kan heilt klart bli meir synlege i samfunnsdebatten, seier Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke.

– Spørsmålet er om me treng nok ein organisasjon for å få auka gjennomslag, eller om me i større grad kan bruke eksisterande organisasjonar meir målretta for å bli meir aktuelle i dei store debattane. Me må bli dyktigare på bodskapsformidling, og bodskapen må vere relevant i forhold til den debatten som til ei kvar tid råder.

Hedstein trur næringa er godt innretta, men må unngå å vende debatten innover og berre henge seg opp eigne problem.

– Me er best tent med å vere offensive gjennom å skissere løysingar på utfordringane i samfunnet, og involvere landbruket i debatten. Ikkje minst gjeld det i diskusjonen om klima og det grøne skiftet, der landbruket er ein del av løysinga, seier Hedstein.

Ola Hedstein

– Landbruket kan bli betre til å samsnakke, seier Birte Usland, styremedlem i Norges Bondelag.

– Me har utruleg mykje kompetanse og engasjement i organisasjonane våre som me nok ikkje tar ut alle effektane av. Me lukkast best når me greier å samsnakke på tvers av organisasjonane. Klarar me ikkje det, er me spelt ut på sidelinja.

– Er landbruket nok synlege i samfunnsdebatten?

– Eg meiner nei. Me har en viktig rolle som samfunnsaktør og burde i større grad løfte debatter. Me er knallgode på interne tekniske debatter, men det har avgrensa interesse for andre enn oss sjølve. Skal me lukkast, må me løfte næringa for felles beste, seier Usland.

Birte Usland

Stikkord denne saka: ,