Andelslandbruk kom over Norge som ei bølgje for eit par år sidan, og er fortsatt populært og i vekst. No kjem ‘urbant landbruk’ snikande inn.
Jane Brit Sande
I 2014 laga Fylkesmannen i Oslo og Akershus ein rapport om urbant landbruk, som viser korleis det har betyding for byens befolkning, og for landbrukets omdømme generelt. Målet for arbeidet er å legga til rette for eit aktivt og berekraftig urbant landbruk som eit middel for å understøtta det profesjonelle landbruket. Bybonden på Losæter i Bjørvika i Oslo, og nystifta Oslo Bondelag er eit resultat av dette arbeidet. Det er ikkje berre i Oslo og Akershus at urbant landbruk er i vekst; i Sør-Trøndelag er dette blitt ein realitet med initiativ som Kneiken Felleshage, og i Telemark har Fylkesmannen utarbeida eit strategidokument om temaet.
(Artikkelen held fram under biletet)
To-delt
Nabolagshagar, felleshagar, takhagar, parsellhagar… Moglegheitane er mange. Felles for urbant landbruk er at det er bynære dyrkingsaktivitetar der sal av produkt ikkje er hovudformål.
Regjeringa deler urbant landbruk inn i to deler:
1. Tradisjonell gardsdrift i urbane områder som leverer varer og tenestar direkte til byen eller tettstadene.
2. Dyrkingsaktiviteter utan direkte næringsøkonomisk betyding, og som ofte har eit sosialt formål i tillegg til lokal matproduksjon.
Urbant landbruk kan bidra til kunnskapsutveksling mellom landbruket og byfolk, utvikling av gode møteplassar mellom bonde og forbrukarane i byen, samt utvikling og styrking av nettverk mellom bonde og forbrukar, og kan gi landbruket fleire moglegheitar som tenesteleverandør i urbane strøk.
Urbane Rogaland?
I samarbeid med Hageselskapet Rogaland og Oikos Rogaland, inviterte Fylkesmannen i Rogaland til informasjonsmøte om urbant landbruk. Ikkje uventa, var interessa stor. Kring 100 personar møtte opp til informasjonsmøtet i kantina på Statens Hus tysdag 14. mars.
– Forbrukarane er meir opptekne av maten dei et. Men samstundes som forbrukarane ser verdien av matproduksjonen, blir avstanden mellom by og landbruk større og større, sa Annabell Pfluger, næringsutviklar, landbruksavdelinga, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i ein kommentar til Bondevennen.
Rogaland er i ferd med å føye seg inn i rekka over fylker med urbant landbruk. I Sandnes kommune er urban dyrking allereie lagt inn i kommuneplanen, til dels skal det lagast parsellhagar på Varatun Gard.
– Me vil kople jordbruk og byfolk saman gjennom dyrking, sa Daniela Dobbert, landbrukssjef i Sandnes kommune.
Argumenta for det urbane landbruket er mange, meiner ho. Det er omdøme- og brubygging mellom by og land, det kan bidra til innovasjon, entreprenørskap og verdiskaping, det skapar ein grøn møtestad og ei grøn lunge i byane, opplæring av barn og unge, og det bidreg til integrering og rekruttering til landbruket.
– Og me må ikkje gløyme jordvern. Eit godt eksempel er andelslandbruket på Vatneli i Sandnes. Her er det ikkje «berre» ein bonde, men meir enn 70 andelshavarar som ønskjer å ta vare på matjorda i eit svært pressa område, sa Pfluger.