
Kvitsøy-kvalitet: F.v. Kristian Pallesen og Otto Waage fekk overrekt kvalitetsstempelet for geografisk beskytta nemning av statsforvaltar Bent Høye og administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat Anne Mette Johnsen.
Kvitsøylam får eksklusivt kvalitetsstempel
Ni sauebønder på Kvitsøy hentar heim Rogalands andre kvalitetsstempel for beskytta geografisk nemning.
Bothild Å. Nordsletten
Sau og lam har beita Kvitsøy og holmane ikring i lange tider. Dei siste 25 åra har kjøtet blitt produsert under namnet «Kvitsøylam». Måndag, under Landbrukskonferansen i Rogaland, vart dei ni produsentane i havgapet, og driftstradisjonen dei står i, heidra med kvalitetsstempelet for geografisk beskytta nemning. Provet på det vart gitt av statsforvaltar Bent Høy og administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat, Anne Mette Johnsen.
– Eg er veldig kry og stolt, seier Kristian Pallesen, som tok imot nemninga saman med kollega Otto Waage.
I tre år har han og dei andre produsentane i havgapet jobba for å få den høgthengjande kvalitets-godkjenninga. Pallesen takkar Nortura og den kjende matbutikken Helgøy Meny for godt samarbeid i prosessen.
– Det har vore ganske mykje arbeid. Og alt er gjort på dugnad. Alle inntekter frå dette går tilbake til produsentane, seier han.

Framifrå får: Beite av tang, tare, kystlynghei og kalkrik grunn er noko av det som gir Kvitsøylammet sitt særpreg. Foto: Bondevennens arkiv
I grunngjevinga for nemninga legg Bent Høye vekt på Kvitsøylammet sin særprega identitet og historie.
– Det unike beitet, med urter, tang, tare, kystlynghei og kalkrik grunn gir Kvitsøylammet den særprega smaken og mørke kjøtet. Ingenting av dette hadde vore mogleg å få til utan bønder som haldt oppe denne driftsforma i generasjonar. Kvitsøylam er av ypparste kvalitet og med denne store anerkjenninga er de med å oppretthalda også omdømet til matnasjonen Noreg.
Kvitsøylam er berre det andre produktet frå Rogaland med beskytta geografisk nemning. Fjellam frå Ryfylke fekk nemninga i 2024.
– Me ser i møte fleire produkt frå Rogaland med denne nemninga, oppmodar administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat Anne Mette Johnsen.
Les om Norsk Mat og kriteria for å søka ulike nemningar: Forside – Stiftelsen (stiftelsennorskmat.no)