Thomas Hadland og Ove Særheim er to arbeidsmaurar frå Vigeland, som ivrar etter å rydde og grøfte gammal, gjengrodd innmark. Resultata er godt synlege med store, grøne slåtteenger og velstelte beite innimellom all sørlandsskogen.
Dei to, som du kan lesa om i dette nummeret av Bondevennen, er i ferd med å ta tilbake jorda og kulturlandskapet frå naturen. Løftar me blikket frå Agder og ser landet under eitt, er potensialet enormt. Arealrekneskap for utmark, utarbeidd for NIBIO og SSB, synar at omkring 138 millionar dekar, eller 45 prosent av landarealet vårt er utmark som kan brukast til beite. Men har me eigentleg bruk for meir beiteland?
Det er ingen som har sagt at matproduksjon i Norge er ei enkel øving. Medan storsamfunnet nå, med god grunn, let seg overraska og provosera av matkasting og store mengder sau på fryselager, er landbruket på si side heile tida opptekne av å fremja våre unike beiteressursar, samstundes med at det blir understreka kor lite dyrka areal nasjonen har til rådvelde.
Beitebruk er eitt av toppargumenta for norske saue- og storfekjøtprodusentar i ei tid der kjøtforbruket går ned. Animalia sin årlege statusrapport, Kjøttets tilstand, som nyleg vart lansert, synar at tendensen med redusert kjøtforbruk heldt fram også i 2018. Det er dessverre lite som tydar på at trenden endrar seg for inneverande år.
At norske mjølkekvotar skal kjøpast ut, medan Jarlsberg blir produsert på irsk mjølk, påverkar også beitebruken. Mjølkeprodusentar som vel å selja kvoten, vel ikkje nødvendigvis å slutta som bønder. Heldigvis. Å halda dyrka mark og beite i hevd, er sjølvsagt for mange. Me må rekna med at ein del av desse bøndene skiftar innreiing i fjøset og legg om til, eller aukar besetninga på ammekyr og/eller sauer. Om produksjonslysta og beiteutnyttinga er prisverdig, kan resultatet likevel bidra til auka produksjonstrykk og redusert lønsemd i produksjonen av storfekjøt og lam.
Andre omsyn enn «berre» kjøtproduksjon blir halde fram i argumentasjonen for å gjera nytte av Beitelandet Norge. Matberedskap er eitt argument. Redusert proteinimport eit anna. Turistnæringa er avhengig av eit vakkert landskap som blir halde ope og i hevd. Så er det klimaet, då. I følgje europeiske undersøkingar lagrar grasmark tre til fire gonger meir karbon enn skog, og kan potensielt lagre karbon tilsvarande tredjedelen av kva husdyra slepp ut kvart år.
Norske bønder skal halda fram med å rydda land og produsera kjøt. Jobben blir å få politikarane til å minst halda tollmurane intakte medan produsentane sjølv må tilpassa seg marknaden. I tillegg treng landbruket kvar dag å driva intens folkeopplysning slik at folk flest ser helsevinsten og matnytta i å putta meir kortreist, beiteprodusert kjøt i grytene.
Beite er hovudingrediensen i det norske måltidet.
Sjur Håland