
Kostbar draum: Vegen fram til eigen gard er ofte eit komplisert reknestykke. Foto: Istock / kieferpix
PODCAST:
Kva kostar ein gard?
Anten du overtar bruket på odel eller kjøper gard på marknaden kan fastsetting av rett pris vera ei utfordring. Lytt til råda våre!
Dei fleste gardar blir selt internt i familiar, og gjerne på odel. Tradisjonelt inneber dette noko lågare pris enn om du skal kjøpa draumebruket du fann på Finn.no til konsesjonstakst. Men uansett rammene for eigarskifte – kva er eigentleg rett pris? På jorda, på bygga, dyra og lausøyre? Kor mykje er ein gard verdt? Og kven fastset den?
Denne veka handlar Bondevennens podcast om prissetting av gardar. Til dette tema har kvar av dei tre i Bonderådet vårt sitt eige perspektiv: Bonde Bjørn Lende har drive garden sin såpass lenge at han har byrja å rekna på eit komande eigarskifte. Jenny Kleppe, på den andre sida, tok over sin gard ganske nyleg. Ho deler erfaringane sine frå eit kjøp som blant anna innebar ein 16 siders kontrakt med førre eigar. Ingvild Steinnes Luteberget går i djupna om prissetting med Andreas Lundegård, seniorrådgjevar i SpareBank 1 Sør Norge ForretningsPartner.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 60 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.