På Gjermundnes vgs. trenar Torhild, Kristine og Olav presisjon med motorsaga.
Liv Kristin Sola
I april i år, representerte dei tre elevane skulen sin i NM i skogbruksferdigheiter. Arrangementet vart arrangert for ellevte gong, og gjekk føre seg på heimebane, på Gjermundnes.
– Kvart år møtest nærmare 100 elevar frå 15-20 naturbruksskular i landet, for å konkurrera i NM. Arrangementet flyttar mellom naturbruksskulane i landet, seier lærar, John Sønsthagen.
Del 1: Praktiske øvingar med motorsaga
– NM er delt i to konkurranseformer. Første del er fem praktiske øvingar med motorsag; felling, sverdsnuing, under og overkapp, presisjonskapp og kvisting, fortel Torhild.
Presisjon vert målt i millimeter, og hurtighet vert målt i sekund. Ho startar saga og viser kva ho meiner med under og overkapp. Saga går og flisa fyk, medan hennar to lagkameratar ser på med kritiske blikk.
– Ikkje ta bilete av denne!, utbryt ho, då ho ser resultatet.
Lagkameratane ler godt. Ho trefte ikkje heilt denne gongen.
Del 2: Kunnskapstest med 16 ulike postar
Elevane skal svara på spørsmål om ulike treslag og om dyr i skogen. Ved hjelp av ulike metodar skal dei vurdera volum, alder, diameter og høgde på enkelttre. Dei skal kjenne til ulike teknikkar for å rekna ut kor mange tre og kubikk tømmer som står per hektar. Førstehjelp er også ein viktig del av konkurransen.
– Laget som vinn NM får delta i EM. I EM er det stort sett studentar frå ulike høgskular som deltar. På tross av aldersskilnaden, har dei norske laga hevda seg godt mot sine europeiske konkurrentar, fortel Kristine og Olav.